Som materiale kan plast nyttast i mange situasjonar; det held seg godt, det betrar hygienen rundt f.eks. matvarer, og det er parktisk. Men når det endar opp som avfall i naturen, kan det ha store konsekvensar for miljø, dyr og menneske.
Nedbryting av plast og anna boss
Sidan plast er laga for å vere særs haldbart, bruker materialet rett lang tid på å bli brote ned i naturen. I kontakt med vatn, vind, varme og UV-strålar frå sollyset er det fleire typar plast som blir brotne ned til mindre bitar (eller molekyl), men det tek svært lang tid før plasten er heilt vekke. Denne prosessen kallar vi nedbryting. Når eit materiale er bionedbrytbart, et små organismar alt materialet, og alt blir derfor gjenbrukt og brote ned. Det gjeld f.eks. ein epleskrott, men langt ifrå alle typar plast er bionedbrytbare.
Før ein hiv boss i naturen, er det ein god idé å tenkje over kor lang tid det vil ta før bosset er brote ned. Skjemaet under viser omtrent kor lang tid det går før dei ulike materiala og råvarene er brotne ned i havvatn:
Materiale | Nedbrytingstid i havet |
avis | 6 veker |
kjernehus i eple | 2 månader |
bomullshanskar | 1–5 månader |
ullhanskar | 1 år |
kryssfiner | 1–3 år |
måla tre | 13 år |
blekkboks | 50 år |
aluminiumsboks | 80–200 år |
plastflaske | fleire hundre år |
Korleis kan vi få mindre plast i naturen?
Avfall i havet stammar i hovudsak frå uriktig avfallshandtering og utslepp av spillvatn, altså kloakkvatn. Men sidan det er vanskeleg å seie nøyaktig kor problemet med søppelutslepp er størst, er det òg vanskeleg å gjere noko med utfordringa.
it av problema er likevel utan tvil haldninga vår til avfall i naturen. Derfor kan vi alle tenkje betre over kva vi hiv i vasken, toalettet eller rett ut i naturen. Ei europeisk undersøking frå 2008 viste at haldninga til å hive avfall i naturen varierer mykje i Norden: Over 80 % av danskar var einige i at det aldri kan forsvarast å hive boss i naturen, mens bl.a. Finland og Sverige låg nedst i undersøkinga, der berre 50 % svarte det same.
Generelt kan ein seie at forbruket vårt av produkt og mat er knytt til mengda avfall. Dess meir vi forbruker, dess meir avfall genererer vi. Om vi vil redusere bruken av plast, kan det derfor vere ein idé å kutte ned på forbruket av produkt og mat generelt – og særskilt forbruket av emballasje.
God, dekkjande lovgiving er ein viktig reiskap i kampen for mindre plast i havet. Havstraumar og vind gjer at plast som er hiven ut i éin del av verda, kan ende opp i ein heilt annan verdsdel, og problema med søppel er såleis ikkje berre eit nasjonalt problem. Lovgivinga bør derfor vere internasjonal. I dag er det svært mange ulike lover om avfall i havmiljøet. Dei er svært komplekse og dekkjer både regionar, land og internasjonalt. Det er likevel stadig problem med å handheve lova, det vil seie stanse dei som ikkje følgjer reglane.
Avfallshandtering
Det er forskjellige reglar for avfallssortering rundt i Norden. Desse reglane hjelper oss med å passe best mogleg på naturen.
Den beste måten å redusere søppelmengda i havet på er likevel ved å førebyggje at søppelet i det heile endar i naturen. Det kan vi bl.a. gjere ved å tenkje meir over korleis vi handterer avfallet i kvardagen: Eit dropspapir kan du f.eks. ha i lomma til du finn ei søppelkasse. Når ein går frå ein sitjeplass på stranda eller i naturen, må ein sjå til at ein har med seg alt søppelet sitt, så det ikkje blåser i havet. Gjenbruk plastposane dine og tenk over kor mykje emballasje du bruker. Du kan òg melde deg som frivillig til å samle søppel i naturen hos ein av dei mange organisasjonane som jobbar for ein reinare natur.
Sjå filmen laga av strandryddeprosjektet Ren Kyst i Tromsø i Noreg her (på bokmål):