Plast er eit materiale som finst i mange former og fargar. Både i Norden og i resten av verda blir plast, eller plastikk som det òg kallast, til alle moglege slags produkt som som til dømes emballasje, møbel, kvitevarer, leiketøy og elektronikk. Plast er eit materiale som held seg særs godt og kan nyttast om att mange gonger, om det blir behandla riktig. Men om ein ikkje gjenbruker plast på riktig måte, endar det som forureining i naturen.
Kva består plast av?
Plast blir framstilt av anten råolje eller naturgass. Råolje er ei blanding mange ulike stoff, og for å utnytte desse stoffa må ein raffinere råolja i store anlegg. Ikkje alle landa i Norden framstiller plastråvarer, men i Finland, Sverige og Noreg blir det produsert rå plastmaterialar.
Avhengig av kva prosess ein utset råolja for, lagar ein ulike typar plast. Det finst mange tusen ulike plasttypar med ulike eigenskapar som haldbarheit, utsjånad og smidigheit. Vi kan dele plast i to hovudgrupper:
- Termoplast: blir mjukt når det blir varma opp, og hardt igjen når det blir kjølt ned
- Herdeplast: blir aldri mjukt igjen når det først er forma, og lèt seg derfor ikkje smelte om
PVC-plast og merking
Ein av dei vanlegaste typane plast er PVC (polyvinylklorid), som finst i blant anna regntøy, leiketøy og hagemøbel. PVC er ein særs haldbar type plast, men når det blir til avfall, blir det giftig for naturen. Derfor er det viktig å levere inn PVC-plast på gjenbruksstasjonen. Det er òg viktig å vere merksam på mjukgjord PVC, sidan denne typen PVC som oftast er mjukgjord med hormonforstyrrande stoff kalla ftalat, som er skadelege for oss menneske.
Du kan eventuelt sjå etter ein trekant med eit 3-tal i. Det betyr at plasten inneheld PVC. Men, merkinga er frivillig, så det er ikkje alltid du vil kunne finne det.
Dette er grunnen til at ikkje all plast kan nyttast til mat- og drikkevarer. Men om plastproduktet, til dømes ei plastbøtte, er merkt med eit glas- og gaffelsymbol, kan det nyttast til å oppbevare mat i. Merket er ikkje alltid å finne på produkt som openbert er meint til å bruke med mat, til dømes plastfat, plastbestikk og liknande. Denne plasten treng ein ikkje ta med til gjenbruksstasjonen.
Plastprodukt
I Norden nyttar vi mange ulike plastprodukt kvar dag. Frå vi står opp om morgonen og pussar tennene med ein børste i plast, til vi sit ved datamaskina, som er laga av plast, og til vi legg oss i senga og sløkkjer lampa av plast på nattbordet.
Noko plast kan vi nytte mange gonger om det blir resirkulert riktig. Det gjeld blant anna plast som blir brukt til transportkassar og tankar i ulike størrelsar, til dømes øl- ogbruskassar og brusflasker. Annan plas, til dømes plastemballasje til mat, blir nytta éin gong. Denne plasten kan brennast.
Sidan vi bruker mange naturlege råstoff frå jorda til å lage emballasje, er det ein god idé å spare på plasten. Men forbruket av plast er aukande, og tal frå 2014 viser at vi i Norden kastar 70.000 plast i året. Vi kan redusere plastforbruket ved å bruke andre material, som glas, metall og rein papp. Alle desse materiale kan lett resirkulerast, så på denne måten sparer vi ressursar.
Bioplast og bionedbrytbar plast
Bioplast er produsert av biomateriale som til dømes mais, korn eller sukkerrøyr, og kan vere bionedbrytbart, men ikkje nødvendigvis. Bionedbrytbart vil seie at små organismar kan ete heile materialet, og at det derfor blir resirkulert og brote ned. Materiala vi nyttar til å produsere bioplast, kunne blitt nytta som matvarer, noko som er verdt å tenkje på i ei verd der over 790 millionar menneske svelt.
Bionedbryteleg plast er laga vanleg plast som er tilsett eit spesielt stoff som gjer at det under visse forhold blir brote ned til karbondioksid (CO2) og vatn. Du kan altså ikkje berre hive denne plasten i skogen – det vil ta årevis å bryte han ned i naturen, sidan det krev kontrollerte omgivnader med varme, oksygen, UV-lys og/eller enzym å omdanne plasten. Omdanninga skjer i industrielle kompostanlegg med høg fukt og varme.
Mikroplast
Hiv du ein bionedbrytbar plastpose i havet, vil han bli broten ned i bitte små delar. Når delane er under 5 millimeter, kallar vi dei mikroplast. Det finst òg andre kjelder til mikroplast i havet, nemleg kleda våre og andre tekstilar som, kvar gong vi vaskar det, fell ut millionar av plastfibrar som til slutt endar opp i hava våre. Mikroplast blir óg produsert og putta i tannkrem, hudkrem og måling for å gi ein skrubbande effekt. Det kan altså vere plast i tannkremen, som når du spyttar han ut, endar i havet. Det kan vere opptil 350.000 bitte små plastbitar i éin hudkrem.
Mikroplast i havet betyr at livet i havet et av han, til dømes har meir enn 90 % av alle havfugleartar plast i magen, og plasten endar på matbordet vårt i matvarer som honning, øl og vin.