Plastbitar under fem millimeter kallast mikroplast. Det er altså bitte små plastbitar som kan vere vanskeleg å få auge på utan mikroskop. Nokre er heilt usynlege for oss menneske. Det er to kjelder til mikroplast:
- Primær mikroplast, som er produsert som små plastbitar og bl.a. finst i hudpleieprodukt, tannkrem og fuktkrem for å gi ein skrubbande effekt.
- Sekundær mikroplast, som er plastbitar som er brotne av frå andre produkt, t.d. klede som blir vaska, eller større plastbitar som blir brotne ned.
Det blir sleppt ut langt meir mikroplast frå sekundære kjelder enn frå primære. Vi veit at mange av dyra og organismane i havet umedvite får i seg mikroplasten, slik at plasten blir teken opp i næringskjeda. Kva følgjer mikroplast i næringskjeda kan ha, er enno usikkert, men FN erklærer at plastforureininga av hava er «ei felles bekymring for menneskeslekta».
På grunn av havstraumane samlar mikroplasten seg i såkalla plastsupper. Det finst fem gigantiske supper med ei stor opphoping av mikroplast som flyt like under overflata. Desse suppene utgjer til saman eit areal på storleik med Afrika. Dei oppstår fordi havstraumane syg avfallet inn mot midten, som gjer det umogleg for plasten å komme vekk att.