Tekst
Video
Spel og leik
Konkurranse
Lydinnspeling
Oppgåve
Faglitteratur
Lærarrettleiing

Gløymt passord?

 

Læringsmål

{{learningObjectiv.description}}

Oppgåva er no levert

{{assignment.Index}} {{assignment.Type}}

Kommentar

Oppgåver

{{assignment.Comment}}

Gå til oppgåver
print

Plast, dyr og menneske

Steven Siegel.jpg

Forureining av plast har stor innverknad på dyrelivet i og rundt havet. Dyr treng i likskap med menneske eit sunt og trygt miljø for å kunne leve godt. Plast og anna boss som endar i havet, kan skade dyra på mange måter, for eksempel kan dei skjere seg, sitje fast eller bli kvelte.

 

Plast er farleg for dyra i havet

Dyr er nyfikne av natur og blir derfor tiltrekte av nye ting dei oppdagar i nærmiljøet – dei kan f.eks. leike med bosset eller nytte det til å finne ly. Dermed kjem dei heilt tett på bosset og risikerer å bli vikla inn i det eller skjere seg på det. Dyr som viklar seg inn i boss, kan sitje fast eller bli skadde. Det kan bety at dyra ikkje lenger er like gode til å svømme, finne mat og flykte frå rovdyr.

Fleire av dyra i havet et plasten som hamnar der. Det gjer dei anten ved eit uhell eller fordi dei forvekslar plasten med det dei pleier å ete. Skjelpadder et til dømes plastposar som dei feilaktig tek for å vere livretten deira: manetar. At dyra et plast, kan føre til at dei blir kvelte fordi plasten set seg fast i svelget. Dei kan òg risikere å ikkje få nok næring eller å svelte, sidan plasten kan blokkere for ordenteleg mat. Skarpe gjenstandar som f.eks. metall eller hardplast kan gjere skade på dyra, som kan føre til infeksjonar og smerte.

Boss i havet kan òg føre til at nokre artar i havet blir tekne til stader der dei ikkje høyrer naturleg heime. Det skjer ved at desse artane sit fast på boss som flyt med havstraumane. I møte med artane på dei nye stadene kan dei framande artane forstyrre økosystema i dei nye områda dei hamnar i. Dette kallar vi invasjon av framande artar, og det valdar stor skade på det opphavlege, globale biologiske mangfaldet.

 

Plast i næringskjeda

Det manglar stadig mykje forsking om plast i næringskjeda, men det er teikn på at fiskane et mikroplasten i havet. Dermed er det mogleg at plasten blir teken opp i næringskjeda. Studiar viser at dei fleire hundre millionar tonna med plast i havet vil ha djupe, negative konsekvensar for økosystema i havet. Det er for eksempel plast å finne i mange muslingar, og det påverkar evna deira til å formeire seg. Forskarar har funne plast i meir enn kvar fjerde sild i Danmark, og blant havfugleartar har over 90 prosent plast i magen.

 

Plast og menneske

Boss i havmiljøet – på stranda og i havet – ser ikkje berre stygt ut, det gjer òg kystane mindre attraktive for menneske å bruke. Kystsamfunn kan miste viktige inntekskjelder om turistar blir skremte vekk av boss, og dei kan vere nøydde til å bruke mange pengar på opprydding.

Plast og boss langs kysten kan òg vere problematisk for helsa vår. Ein kan til dømes skjere seg på skarpe kantar, dykkarar kan bli fanga i fiskenett og -snøre, og skittent boss, f.eks. avfall frå medisinbruk, kan overføre sjukdommar til badegjestar som kjem borti det.

Mikroplast finn veg til matvarene våre og kan f.eks. sporast i øl, honning og vin. Det er derfor sannsynleg at du kjem til å få i deg plast heilt utan å vere klar over det. Kva innverknad det kan ha på kroppen din, har forskinga enno til gode å vise. Spørsmålet er om du har lyst til å ta sjansen.

Logg inn for å lesa meir

Illustratør/Foto: Steven Siegel/Marine Photobank

Utgjevar: Norden i Skolen

Utgjevingsår: 2016

Oppgåver

  • Fleirvalsoppgåver

  • Temaoppgåve

    • 1Temaoppgåve

      Korleis kan klassen gjenbruke plastavfallet frå skoleområdet?

      • Gå saman i grupper og finn plast på skoleområdet
      • Ta med plasten tilbake til klasserommet, set dykk saman i gruppa og redesign plasten til eit produkt som kan brukast i klasserommet
      • Lag ei tidslinje over korleis plasten utvikla seg frå de fann han, til produktet stod ferdig
      • Legg fram tidslinja og produktet for ei anna gruppe
    • 2Temaoppgåve

      Kva har havet betydd for tidlegare generasjonar?

      • Intervju ein vaksen og/eller ein eldre person om kva betydning havet har hatt i livet deira.
      • Kva veit dei om plastforureining i havet? Og kva tankar har dei om kva den oppveksande generasjonen kan gjere for å beskytte planeten mot søppel og forureining?
      • Spør etter minst tre gode råd om kva ein konkret kan gjere for å ta betre vare på planeten.
      • Skriv ned intervjua og råda, og heng dei opp i klasserommet.
  • Vennskapsklasse

    • 1Vennskapsklasse

      Kva byar er dei viktigaste kystbyane i landet ditt?

      • Del klassen i fire grupper, og la kvar gruppe velje ein kystby dei skal undersøkje.
      • Undersøk kva havet betyr for inntektskjeldene og kulturen i kystsamfunnet.
      • Lag ei nkollasj med bilete og tekst som skildrar kystsamfunnet.
      • Ta bilete av alle kollasjane og del dei med ein vennskapsklasse.