Tekst
Video
Spel og leik
Konkurranse
Lydinnspeling
Oppgåve
Faglitteratur
Lærarrettleiing

Gløymt passord?

 

Læringsmål

{{learningObjectiv.description}}

Oppgåva er no levert

{{assignment.Index}} {{assignment.Type}}

Kommentar

Oppgåver

{{assignment.Comment}}

Gå til oppgåver
print

Søppel og plast i havet

Klassetrinn 8.-10. klasse Fag Naturfag Læringsfokus Natur og miljø Tema Ressursar Emne Havet Plast Dyr Jorda Type Tekst
shutterstock_287424425.jpg

Gjennom historia har havet vore viktig for menneska både som transportveg og som kjelde til matvarer, sport og behag. Det gjeld òg for befolkninga i Norden i dag, sidan alle dei nordiske landa har kystlinjer. Island, Færøyane og Grønland reknar fiske som det viktigaste yrket i landet, og ein stor del av eksportinntektene frå desse landa er avhengige av fisket – på Færøyane er det over 80 prosent av eksportinntektene. Blant anna derfor er havets ve og vel ekstra viktig å prioritere.

Òg dyrelivet i og omkring havet er avhengig av at vi passar godt på havmiljøet. Men amerikanske undersøkingar viser at vi i heile verda kastar om lag 8 millionar tonn plastavfall i hava kvart år, og tala er venta å stige til det dobbelte i løpet av dei neste ti åra om vi ikkje får snudd utviklinga.

 

Søppel i havet

Avfall i havet er kjenneteikna ved at det er lite nedbrytbart materiale som menneske har hive ut anten på land eller rett i havet. Det vanlegaste avfallet å finne i havet er plast, gummi, papir, metall, tre, glas, tøy og liknande. Søppelet kan både vere synleg med det blotte auget, og det kan òg vere vanskeleg å sjå eller heilt usynleg. Det sistnemnde kallar vi mikroplast.

Dei eventuelle skadeverknadene av avfallet og påverknaden på naturen, dyrelivet og oss menneske er avhengig av kva materiale og kva dyreart vi snakkar om. Til dømes blir skjepadder freista til å ete plastposar sidan dei liknar manetar, mens fuglar ofte sit fast i gamle fiskenett. Nokre materiale er dessutan meir skadelege enn andre, og blant anna plastavfall utgjer eit stort problem. Gjer vi ikkje noko, vil det vere meir plast enn fisk i havet i år 2050.

 

Korleis endar plasten i havet?

Det er viktig å vite korleis plasten endar i havet, om vi ønskjer å gjere noko med problemet. Plastavfall kan finnast overalt i havmiljøet: langs kysten, midt ute på havet, på havflata og på havbotnen. Det blir gjort mange undersøkingar om avfall langs kysten, men sidan det er vanskelegare å overvake plasten i havvatnet og på havbotnen, er det få store undersøkingar – og derfor mindre kunnskap – om verknaden av plasten her. Men vi veit at plastavfallet både kan hope seg opp nær staden det blei kasta ut, og at det kan flyte langt vekk frå opphavsstaden. Korleis plastavfallet ferdast, er avhengig av ei rekkje faktorar, som til dømes regn, havstraumar, straumretning, vind og landskapsform. Det er dessutan avhengig av haldbarheita på plasten.

 

I 1992 kom ein konteinar med 29.000 gule plastender på avvegar midt i Stillehavet på overfarten frå Hong Kong, og sidan då har ein kunna finne gule plastender rundt om i heile verda. Nokre er skylde i land på kysten på Hawaii, Alaska og Sør-Amerika, mens andre er funne innfryste i isen i Arktis, på Skottland og i Atlanterhavet.

Avfall som endar i havet, kjem i hovudsak frå feil og dårleg avfallshandtering og utslepp av spillvatn frå både menneske på land og om bord på skip. Dei sameinte nasjonanes (FN) miljøprogram UNEP reknar med at 80 prosent av søppelet i havet kjem frå aktivitetar på land, til dømes losseplassar, industri og turisme, mens dei gjenverande 20 prosentane er frå aktivitetar på havet, til dømes fiske, cruiseskip og oljeplattformer. Fiskarar kastar fiskeutstyr og nett ut i havet. Seglarar mistar last og kastar søppel over bord. Oljeplattformer avhendar boreutstyre og emballasje. Turistar kastar avfall på stranda.

Logg inn for å lesa meir

Visste du at …

75 % av alt søppelet som er funne i havet, er plast.

Oppgåver

  • Fleirvalsoppgåver

  • Temaoppgåve

    • 1Temaoppgåve

      Gå saman i grupper og undersøk om det finst lover og reglar som skal verne miljøet i landet dykkar.

      • Leit etter informasjon på internett om lover og reglar som skal ta vare på og beskytte miljøet mot forureining og forsøpling.
      • Korleis skal havet vernast mot forureining og avfall?
      • Lag forslag til kva lover og reglar gruppa meiner kan bidra til å ta vare på havet.
      • Få gruppa til å presentere forslaga sine for ei anna gruppe.
    • 2Temaoppgåve

      Kva betyr havet for deg?

      • Skriv og/eller teikn eit tankekart med alt havet får deg til å tenke på.
      • Betyr havet noko spesielt for deg?
      • Heng opp tankekartet ditt på ein vegg i klasserommet, og sjå kva klassekameratane dine har skrive opp.
  • Vennskapsklasse

    • 1Vennskapsklasse

      Kva betyr havet for landet ditt?

      • Undersøk kva konsekvensar forureining og søppel i havet har for landet dykkar.
      • Lag ei oversikt over kva havet bidrar med til landet dykkar, og kva konsekvensar forureining av havet kan ha for landet.
      • Del oversikta med vennskapsklassen dykkar.
      • Jamfør og diskuter kva havet betyr for kvart av landa.