Tekst
Video
Spel og leik
Konkurranse
Lydinnspeling
Oppgåve
Faglitteratur
Lærarrettleiing

Gløymt passord?

 

Læringsmål

{{learningObjectiv.description}}

Oppgåva er no levert

{{assignment.Index}} {{assignment.Type}}

Kommentar

Oppgåver

{{assignment.Comment}}

Gå til oppgåver
print

Matsvinn i heimen

Klassetrinn 8.-10. klasse Fag Naturfag Læringsfokus Natur og miljø Tema Berekraft Emne Matvarer Type Tekst
FullSizeRender.jpg

Kastar du ofte mat i søpla heime? Då er du dessverre ikkje den einaste. Mange familiar handlar inn mykje mat som aldri blir eten. I staden blir han kasta ut. Ofte blir maten som står lengst inne i kjøleskapet, gløymd og går rett i søpla.

Øv deg! Det kan vere ein god idé å motarbeide matsvinn i heimen. De kan nemleg hjelpe til slik at brukelege råvarer og ressursar ikkje går til spille og dermed ikkje gjer unødig skade på miljøet. Og så kan de spare fleire tusen kroner i året om de passar på å nytte all maten som blir kjøpt.


Korleis kan DU motarbeide matsvinn i heimen?

  • Hald auge med kva de har i kjøleskapet, så de ikkje gløymer maten som står lengst inne.
  • Nytt dei varene du allereie har i kjøleskapet når du lagar mat heime.
  • Lag berre så mykje mat som blir eten.
  • Blir det likevel mat til overs, så set det i kjøleskapet og et det dagen etter, gi det til naboen eller set det i frysaren til ein annan dag. Om restane blir kjølte ned raskt, held dei seg betre.
  • Sørg for at det er kaldt nok i kjøleskapet (4–5 gradar) og frysaren (–18 gradar)
  • Les på pakka korleis du best oppbevarer maten.
  • Hald rå og tillaga varer frå kvarandre – då held dei seg betre!
  • Hugs at maten ofte er etande sjølv om han har gått ut på dato. Lukt og sjå på maten: Ser maten framleis frisk og fin ut og luktar ikkje dårleg, så kan han nok nyttast enno.

Fakta: mat som går rett i søpla – pugg!

I Danmark kastar 42,3 prosent mat i søpla éin til tro gonger i veka.

Sverige 33,3 prosent

Noreg 33,1 prosent

Finland 21,7 prosent

 

(nordisk undersøking som analyseinstituttet SnabbaSvar har gjort for Siemens Kvitevarear, 2013)
*Vi har dessverre ikkje tal for dei andre nordiske landa


Visste du at …?

«Siste forbruksdag» må aldri vere passert – men du kan fint ete mat merkt med «best før» eller «minst haldbar til» sjølv om datoen er passert, om vara framleis ser fin ut og luktar ferskt.

Logg inn for å lesa meir

Oppgåver

  • Fleirvalsoppgåver

  • Temaoppgåve

    • 1Temaoppgåve

      Gå på oppdagingsferd på kjøkkenet heime og sjå etter merkingane på matemballasjen. Skriv opp ei liste med to kolonnar som heiter:

      1. «Best før» eller «Minst haldbar til»
      2. «Siste forbruksdag»

      Finn minst tre matvarer med kvar av desse merkingane på emballasjen. Skriv ned kva skilnaden er mellom 1. og 2., og kva merkinga betyr for kor haldbar maten er.

      Har de mat heime som har overskride datomerkinga, men likevel fint kan etast? Skriv ei liste over desse matvarene.

  • Vennskapsklasse

    • 1Vennskapsklasse

      Vel dykk ein vekedag der alle i klassen veg maten dei kastar heime.

      • Rekn ut kor mange kilo etande mat som ville blitt kasta i heimen om alle i klassen kasta like mykje mat i søpla kvar dag i eit år. Del utrekninga med vennskapsklassen dykkar.
      • Skriv minst tre gode råd om korleis alle i klassen kan vere med på å hindre matsvinn heime. Del kunnskapen dykkar med vennskapsklassen, og sjå om lista med gode råd blir endå større om de samlar alle gode råd til éi liste.