Tekst
Video
Spel og leik
Konkurranse
Lydinnspeling
Oppgåve
Lærarrettleiing

Læringsmål

{{learningObjectiv.description}}

Oppgåva er no levert

{{assignment.Index}} {{assignment.Type}}

Kommentar

Oppgåver

{{assignment.Comment}}

Gå til oppgåver
print

Matsvinn i verda

Klassetrinn 8.-10. klasse Fag Naturfag Læringsfokus Natur og miljø Tema Berekraft Emne Kjemi Matvarer Type Tekst
Billede 18-08-15 15.42.31.jpg

I dag er vi 7,3 milliardar menneske i verda, og jordkloden vår skal kunne skaffe mat til alle. Verda har i dag nok mat til alle. Men vi nyttar ikkje ressursane godt nok. I dag går 1/3 av all produsert mat i verda til spille, mat som elles kunne metta menneske.

Produksjonen av mat krev mange ressursar. Det går med vatn til dyrkinga og energi til å hauste og produsere maten. Om vi berre lèt maten gå til spille, belastar vi klimaet med drivhusgassar og CO2. Vi tapar ressursane på jorda og vi tapar pengar – fullstendig bortkasta. Det kan vi gjere noko med!

Om berre ein fjerdedel av den maten som i dag går tapt i verda, i staden blei redda, ville det vore mat nok til 870 millionar svoltne menneske.

I den vestlege verda er det spesielt hos oss forbrukarar at maten går til spille. I andre delar av verda skjer det meste matsvinnet når maten blir hausta inn, produsert og transportert til forbrukaren. Vi som bur i den vestlege verda, har derfor ei viktig rolle i å minske matsvinnet.

Derfor blir vi alle nøydde til å tenkje smartare.



Korleis kan DU motarbeide matsvinn i verda?

  • Tenk over kvar maten du et, eigentleg kjem frå.
  • Pass ekstra godt på at maten som kjem langvegsfrå, ikkje går til spille.
  • Utforsk lokal mat og sesongvarer.



Visste du at …?

  • Ein tredjedel av all mat til menneske går tapt eller til spille på verdsbasis. Det svarer til om lag 1,3 milliardar tonn – kvart år.
  • Nesten halvparten av all frukt og grønt som blir produsert i verda, går tapt.
  • Mat går tapt eller til spille gjennom heile forsyningskjeda: frå dyrking og produksjon av mat til forbruket i heimane våre.
  • Matsvinn kostar fleire hundre milliardar kroner og er den tredje største CO2-syndaren i verda.
    (Kjelde: FN og stopspildafmad.dk)
Logg inn for å lesa meir

Oppgåver

  • Fleirvalsoppgåver

  • Temaoppgåve

    • 1Temaoppgåve

      Det går med vatn, energi og ofte òg sprøytemiddel til å dyrke mat, men 1/3 av maten på jorda går rett i søpla – det kan vi gjere noko med! Skriv minst tre ting klassen din kan gjere for å minske matsvinnet i verda.

    • 2Temaoppgåve

      Finn eit verdskart og heng det opp i klasserommet. Skriv opp minst 5 typar råvarer du et mykje av på skolen. Kvar kjem desse råvarene frå? Marker på verdskartet kvar råvarene du har skrive opp, blir dyrka.

  • Vennskapsklasse

    • 1Vennskapsklasse

      Skriv opp minst tre matretter som inneheld råvarer frå landet du bur i, og finn bilete av kvar rett. Del dei med vennskapsklassen din.