Tekst
Video
Spel og leik
Konkurranse
Lydinnspeling
Oppgåve
Faglitteratur
Lærarrettleiing

Gløymt passord?

 

Læringsmål

{{learningObjectiv.description}}

Oppgåva er no levert

{{assignment.Index}} {{assignment.Type}}

Kommentar

Oppgåver

{{assignment.Comment}}

Gå til oppgåver
print

Matsvinn på butikken

Klassetrinn 8.-10. klasse Fag Naturfag Læringsfokus Natur og miljø Tema Berekraft Emne Matvarer Type Tekst
Billede 18-08-15 15.33.24.jpg

I danske butikkar blir det totalt kasta omkring 36.000 tonn med mat kvart år. Det er mat tilsvarande vekta av 72.000 elgar som kvart år blir hiven ut i staden for eten!

Maten blir kasta anten fordi han er skadd, eller fordi varene har overskride datostemplinga. Men saman med butikkane kan de enkelt redusere matsvinnet. I kjøledisken kan du til dømes velje mat som snart går ut på dato, om du likevel skal nytte han same dag – og butikkane kan setje ned prisen på varer med datostempling som snart går ut.



Korleis kan DU motarbeide matsvinn når du handlar med foreldra dine?

  • Lag ein matplan for heile veka så det er større sjanse for at de ikkje kjøper inn for mykje. Planlegg ein dag der de et restar.
  • Lag ei handleliste heime – kva treng de?
  • Hjelp foreldra dine med å berre kjøpe så mykje mat de har bruk for.
  • Sjekk datomerkinga på matvarene – skal de likevel ete maten same dag, kan du like gjerne ta dei varene som er nærmast utløpsdatoen.
  • Ver sikre på at de greier å ete opp alt når de kjem over rabattar ved kjøp av fleire varer av same slag.
  • Gå rett heim med maten, så held han seg betre.



Visste du at …?


Det er spesielt brød, meieriprodukt, frukt og grønsaker som blir kasta i heimen?

Logg inn for å lesa meir

Oppgåver

  • Fleirvalsoppgåver

  • Temaoppgåve

    • 1Temaoppgåve

      Kontroller nærbutikken din:

      1. Gjer butikken noko for å minske matsvinnet? Finn du mat som burde få nedsett pris for å unngå svinn? Skriv ned kva butikken gjer for å minske matsvinnet, og kva som kan gjerast betre. Skriv minst fem punkt til saman.
      2. Presenter funna dykkar for klassen. Skriv ned kva tiltak butikkane gjer for å hindre matsvinn, og kva tiltak dei manglar for å gjere noko med matsvinnet.
      3. Gi karakter til alle butikkane som elevane i klassen har kontrollert. Finn den beste klimavennen og den verste klimasyndaren! Dra og gratuler klimavinneren. Dra til klimasyndaren og gi dei vennleg ei lekse med konkrete punkt om kva dei kan gjere betre for å hindre matsvinn.
  • Vennskapsklasse

    • 1Vennskapsklasse
      1. Finn ein vennskapsklasse frå eit anna nordisk land på nordeniskolen.org
      2. Besøk nærbutikken din. Ta minst to bilete av:
        • mat som kjem frå ditt eige land
        • mat som er importert frå Europa
        • mat som kjem frå ein annan stad enn Europa

      Skriv ned minst to grunnar til kvifor det er bra for klimaet å kjøpe lokal mat, og minst to grunnar til kvifor det er problematisk at mat som kjem langvegsfrå, går til spille.

      Del bileta og teksten med vennskapsklassen din, og diskuter kva skilnader og likskapar de kan sjå mellom landa når de ser gjennom bileta og svara.