BLI MED PÅ Å LAGE EIN ANIMASJONSFILM MED ANDRE SKULEKLASSAR FRÅ NORDEN
Kryssklipp: ein fellesnordisk animasjonsfilm
Skal klassen dykkar vere med på å lage animasjonsfilm saman med elevar frå heile Norden? I dette undervisningsmaterialet med fokus på filmproduksjon er de med på å lage stop motion-animasjonsscener til eit stort filmprosjekt for elevar frå heile Norden. Med enkle teknikkar og eit lett oppsett, kan de lage morosamme karakterar og heseblesande action!
Lærarrettleiing: Ein fellesnordisk animasjonsfilm
BUSTER vil i samarbeid med ein profesjonell filminstruktør og ein profesjonell animator samle dei einskilde scenene til ein stor film, som får premiere her på nettsida.
Delta med klassen dykkar innan 1. november 2024 og kom med alle dei gøyale, morosame, skeive og kreative ideane dykkar!
KONKURRANSE
Når de er med, blir det samtidig med i konkurransen om å vinne ein filmfest for klassen til ein verdi av 5000 danske kroner.
7.klasse på Närpes Högstadieskola i Finland!
Animasjonsfilmen handlar om ein sau som ikkje vil bli klippa. Til gjengjeld vil sauen veldig gjerne ha ein venn. De skal vere med på å lage gøyale karakterar og heseblesande action til historia!
Heile opplegget er skildra på elevarket, alt frå ein introduksjon til animasjon og stop motion, til kva de må hugse på når de skal skrive eit manuskript.
Hent elevarket her
Lærarrettleiing med forløpsplan finn du her