Tekst
Video
Spel og leik
Konkurranse
Lydinnspeling
Oppgåve
Lærarrettleiing

Nordjobb

undefined

Om Nordjobb

Nordjobb arbeider for å auka mobiliteten mellom dei nordiske landa og for å betra språkkunnskapar og kjennskap til kulturen i dei nordiske landa. Programmet formidlar sommarjobb, bustad og kultur- og fritidsprogram i eit anna nordisk land til unge mellom 18-28 år.

På denne måten gjev Nordjobb både nordjobbaren og arbeidsgjevaren ein sjanse til å bidra til ein fleksibel, samla nordisk arbeidsmarknad. Nordjobb har etter oppstarten skaffa sommarjobb til ca. 21.000 nordiske ungdommar. 

 

Bakgrunn

Nordjobb starta i 1985 etter eot initiativ frå "Den nordiske økonomiske samarbeidsgruppa". Oppgåva for grupp var å gå gjennom det økonomiske samarbeidet i Norden, føreslå ulike  tiltak som kunne stimulera til auka vekst og fremja investeringar over grensene.

Nordjobb blei i første omgong organisert av ei konsulentverksemd i Stockholm, AB Samhällsrådet. I samarbeid med Foreiningane Norden arrangerte dei fritidsaktivitetar  mellom anna i Stockholm, Helsingfors og Gøteborg. Totalt deltok omkring 1 000 unge i Nordjobb det første året. Prosjektet blei evaluert hausten 1985, og ein diskuterte korleis ein skulle organisera prosjektet framover. Det blei vedteke å oppretta ei stifting med Foreiningane Norden og Stiftinga for industriutvikling i Norden som partar. Nordisk ministerråd blei med som observatør i styret. 1. desember 1985 tok Stiftinga Nordjobb over ansvaret for prosjektet med dei nasjonale Foreiningane Norden som operatørar.

Etter 2002 har den sentrale organisasjonen for Nordjobb bestått av eit nordisk sekretariat som no held til i København. Sekretariatet blir komplettert med nasjonale prosjektleiarar og prosjektassistentar i dei landa der det er naudsynt. Hausten 2011 blei Nordjobb endra frå  prosjekt til program. 

 

Korleis blir Nordjobb finansiert?

I starten blei Nordjobb finansiert med midlar frå næringslivet, først og framst frå dei verksemdene som var representerte i samarbeidsgruppa. I takt med at prosjektet fekk ein meir permanent karakter, auka Nordisk ministerråd sitt bidrag og i 1989 blei Stiftinga nordjobb avvikla. Nordisk ministerråd garanterte for basisfinansieringa i prosjektet og prosjektleiaransvaret blei overført til Foreiningane Nordens Forbund (FNF). Nordjobb heldt fram med å motta tilskot frå næringslivet, frå bilaterale fond og frå nasjonale styresmakter. I dag er Nordjobb hovudsakeleg finansiert av Nordisk ministerråd, Foreiningane Norden, arbeidsgjevarar som tek imot ungdommane og nasjonale arbeidskraftsstyresmakter.

 

 

Meir informasjon finn du på heimesidene til Nordjobb:

www.nordjobb.org/

 

Bilete

nordjobb_logo_dk_original.jpg malin_barkelid.jpg tuukka_terio_2.jpg rosanne_ha_kansson.jpg jon_petter_vorren.jpg