Tekst
Video
Spel og leik
Konkurranse
Lydinnspeling
Oppgåve
Lærarrettleiing

Dei nasjonale Foreiningane Norden

Formål og visjon

Det overordna målet for Foreiningane Norden er å styrkja og utvikla samarbeidet mellom folk i Norden. Foreiningane Norden arbeider for å stø samarbeid på kryss og tvers av dei nasjonale grensene i Norden å retta søkelyset mot skule og utdanning, informasjon, ungdomsutveksling, samarbeid mellom vennskapsbyar, kultur mm. Visjonen er: "Med kjennskap, vennskap og samarbeid skal Norden utviklast til ein region med mange moglegheiter".

 

Frå stiftinga av Foreininga Norden og fram til i dag

Foreininga Norden blei oppretta i kjølvatnet av første verdskrig med foreiningar i dei tre nordiske landa Danmark, Sverige og Noreg i april 1919. Foreiningane starta raskt eit felles arbeid for fredeleg sameksistens og felles politiske mål i Norden under mottoet "kjennskap gjev vennskap". Stiftarane håpa at ein gjennom auka samarbeid og forståing kunne unngå fleire krigsmareritt.

Seinare danna ein Foreininga Norden i Finland og på Island samt i dei sjølvstyrde områda Åland, Færøyane og Grønland. I tillegg omfattar "familien" ein sjølvstendig ungdomsorganisasjon, Foreininga Nordens Ungdom, som også er aktiv i heile Norden.


Foreininga Norden fekk ei stor oppblomstring etter 2. verdskrig, då minnet om det opphavlege formålet med foreininga igjen blei aktualisert. Foreininga gjekk då frå å vera ei elitær til ei brei folkeleg forankra foreining. Foreininga har to gonger, i 1932 og 1933, vore innstilt til Nobels fredspris. Foreininga spelte ei aktiv politisk rolle i samband med opprettinga av dei nordiske institusjonane Nordisk råd og Nordisk ministerråd. Foreininga var pådrivar for arbeidet som førte til ein nordisk passunion, ein felles arbeidsmarknad, sosialkonvensjonen, språkkonvensjonen og tankane om ein fellesnordisk marknad. Foreiningane hadde i år 2000 ca. 72.000 medlemmer i heile Norden. Föreningen Norden Sverige er den største foreininga med ca. 29.000 medlemmer, Åland den minste med 328.

 

 

 

Bilete

oona_lohilahti_2.jpg