Tekst
Video
Spel og leik
Konkurranse
Lydinnspeling
Oppgåve
Faglitteratur
Lærarrettleiing

Gløymt passord?

 

12-03-2018

3 viktige endringar på Norden i Skolen er no på plass

3 viktige endringar på Norden i Skolen er no på plass

Denne veka kan Norden i Skolen feire at over 11.000 lærarar har registrert seg som brukarar på undervisningsplatttforma. Dette er eit god høve til å skrive ei oppdatering om 3 store endringar som skal sikre deg ei endå betre brukaroppleving.



1) Alt undervisningsmateriale samla på éin stad
Den heilskaplege optimeringa av Norden i Skolen betyr at alt undervisningsmateriale no er på éin stad. Dette betyr at du som lærar får eit raskt overblikk over kva som finst på plattforma, i tillegg til at du ved hjelp av filtreringssøket enkelt kan søkje fram akkurat det materialet du er interessert i, i ein bestemt undervisningssituasjon.

 

2) Forenkla innloggingsløysing
Tida er over for gløymde brukarnamn i klassen. Frå no av kan alle elevane dine logge inn med same brukarnamn og passord. Innloggingsinformasjonen til elevane dine finn du under 'Profilen din'.



3) Det virtuelle klasserommet er stengt
For å kunne nytte alle ressursar på å sikre ei god løysing for korleis du som lærar kan finne og få kontakt med ein vennskapsklasselærar i eit anna nordisk land, har Norden i Skolen valt å stengje det gamle 'Klasserommet'. Det betyr at plattforma ikkje lenger vil tilby moglegheit for chat, videochat og kommunikasjonsvegg, men i staden vil utvikle og samle inspirerande undervisningssidear til korleis denne delen kan løysast ved hjelp av andre medium.



Gled deg til å sjå dei nye endringane!