Tekst
Video
Spel og leik
Konkurranse
Lydinnspeling
Oppgåve
Faglitteratur
Lærarrettleiing

Gløymt passord?

 

05-02-2017

Elevar i Norden står saman mot plast i havet

Elevar i Norden står saman mot plast i havet

Foto: 5.-7. klasse, Tálknafjarðarskóli, Island

 

I 2050 vil det vere meir plast enn fisk i havet, om vi ikkje gjer noko med problemet. Heldigvis er det lett å utgjere ein stor forskjell – og fleire hundre nordiske elevar er allereie i gang. Dei deltek nemleg i Nordisk ministerråds store satsing Det nordiske plastkappløpet på www.nordeniskolen.org. 

Vil du vere med på å gjere noko med plastforureininga i naturen og havet? Då gir Norden i Skolen deg med dette eit gylle høve! 

Det nordiske plastkappløpet går heilt enkelt ut på å sende klassen sin ut i naturen. På 15 minutt skal elevane samle så mykje plast dei greier, og ta det med tilbake til skolen. Her tek dei eit godt bilete av alt plastbosset dei har samla inn, og lastar det opp på www.nordeniskolen.org. Klassen tevlar no mot andre klassar i Norden i konkurransen om 5000 DKK til klassekassa.

På www.nordeniskolen.org kan du òg finne relevante fagartiklar med spennande oppgåver til eit undervisningsopplegg om plast i havet – bl.a. om mikroplast i havet og om korleis vi får mindre avfall i naturen. Her kan du òg finne filmar om emnet, og vi oppdaterer heile tida sida med nytt relevant materiale.

Utfordringane med plast i naturen og havet er eit tema som får meir og meir merksemd ikkje berre i Norden, men i heile verda. I ein rapport frå 2016 erklærer FN at «plastsøppel i havet må seiast å vere ei felles bekymring for menneskeslekta». Rundt om i Norden er det sett i gang fleire initiativ for å redusere mengda plast i naturen og havet. Blant anna i Tromsø i Noreg der strandryddeorganisasjonen Ren Kyst i Tromsø arbeider for ein reinare natur.

Du og elevane dine kan her bli inspirerte av filmen til Ren Kyst i Tromsø, som med flotte bilete frå Tromsø kommune sender ein sterk bodskap om at det er lett å utgjere ein forskjell for naturen. Sjå filmen og delta i Det nordiske plastkappløpet innan 23. Mars 2017 kl. 12:00.

 

 

Norden i Skolen er forvalta av Foreningerne Nordens Forbund.