Tekst
Video
Spel og leik
Konkurranse
Lydinnspeling
Oppgåve
Faglitteratur
Lærarrettleiing

Gløymt passord?

 

06-04-2016

Hamnvåg Montessoriskole blei dei norske vinnarane av Kampen mot Matkasting

Hamnvåg Montessoriskole blei dei norske vinnarane av Kampen mot Matkasting

Fem nordiske vinnarklassar er no kåra i Norden i Skolens 2. runde av Klimaduellen, som i år handla om å vege matrestane i klassen og såleis forstå betre kva matsvinn eigentleg er. 

Forbrukarane i framtida kan gjere ein skilnad!

«Mamma lagar litt mindre mat, slik at det blir mindre å hive. No har vi nesten ingen restar lenger.» Utsegna kjem frå ein av elevane på Hamnvåg Montessoriskole.

Og det er òg grunn til å ta tak i problematikken. Matkasting er eit globalt klimaproblem som har fått meir merksemd dei siste åra.


Nordiske skolar står saman mot matkasting

Initiativet har aktivt involvert meir enn 400 nordiske lærarar, som gjennom læringsportalen til Foreningerne Nordens Forbund, www.nordeniskolen.org, har komme tett på alt frå gamle nordiske kornsortar til dei djupe finske skogane og havbotnen rundt Island. Alt dette medan elevane har vege matavfallet sitt, og blitt gjorde merksame på det faktumet at kvar femte matpakke eller skolemåltid i nordiske skolar går rett i bosset.


«Målsetjinga med Kampen mot Matkasting er først og fremst å få elevane til å tenkje over handlingane sine. Det kan sjølvsagt vere både gøy og lærerikt å konkurrere om kven som kastar minst eteleg mat. Men det viktigaste er at så mange skoleelevar som mogleg blir medvitne om kva matsvinn eigentleg er, og kva det betyr for miljøet og jorda», fortel Elva Osk Gylfadottir, prosjektmedarbeidar for Kampen mot Matkasting.
Sjølv om vinnarane no er kåra, vil alt undervisningsmaterialet framleis vere gratis tilgjengelig for lærarar og elevar. For å nytte innhaldet krevst det berre at læraren opprettar ein profil på portalen www.nordeniskolen.org – noko meir enn 4.000 lærarar over hele Norden allereie har gjort.
Kampen mot Matkasting er støtta av Nordisk Ministerråd.

Dei andre nordiske vinnarklassane er:
Island: Hofsstaðaskóli, 6. klasse
Finland: Jousenkaaren koulu, 7. klasse
Danmark: Søholmskolen, 4. klasse
Sverige: Sverigefinska skolan i Eskilstuna, 1. klasse


Kontaktopplysningar:
Elva Osk Gylfadottir,
+45 25489001
elva@fnfnorden.org
Marie Nørskov Bærentsen:
+45 51887851
marie@fnfnorden.org