Tekst
Video
Spel og leik
Konkurranse
Lydinnspeling
Oppgåve
Lærarrettleiing

13-06-2019

Lansering av nye kortfilmar på Norden i Skolen, Nordisk skolechat og mykje meir!

Lansering av nye kortfilmar på Norden i Skolen, Nordisk skolechat og mykje meir!

Planlegg haustens undervisning allereie no med Norden i Skolens nye kortfilmar, Nordisk skolechat – og kvifor ikkje ein nordisk vennskapsklasse?

NYE KORTFILMAR PÅ NORDEN I SKOLEN
I samarbeid med kortfilmprosjektet NoJSe tilbyr vi no fire nye kortfilmar og eitt nytt tema på Norden i Skolen. NoJSe garanterer filmar med høg kvalitet, skapte av filmkunsttalent med ambisjonar om å fortelje spennande historier for barn og unge. Kortfilmane vil bli viste på nordiske kortfilmfestivalar i Danmark, Finland, Noreg og Sverige, men er allereie no tilgjengelege på Norden i Skolen! Kvar film har tilhøyrande arbeidsoppgåver, og temaet har ei lærarrettleiing som gjer det enkelt å setje seg inn i temaet og få oversikt over materialet. Sjå filmane og lærarrettleiinga her!

 

TIPS TIL EIT VELLYKKA VENNSKAPSKLASSESAMARBEID
Interessa for nordiske vennskapsklassar veks på Norden i Skolen! Vi har derfor samla ti gode råd frå lærarar som har samarbeidd med nordiske kollegaer. Les meir om korleis du kan lykkast med samarbeidet her.


MELD DYKK PÅ NORDISK SKOLECHAT
Frå og med september 2019 kjem Nordisk skolechat til å bli arrangert ein gong i månaden, og det er allereie no mogleg å melde seg på til arrangementa i haust! Med den nye påmeldingsfunksjonen er det dessutan lett å følgje med på kor mange som har meldt seg på, for å få den beste opplevinga med Nordisk skolechat. Les meir om Nordisk skolechat og meld deg på her.

(Obs! For å melde deg på må du vere logga inn på sida.)


PLANLEGG HAUSTENS UNDERVISNING
På nordeniskolen.org finn du ein masse spennande material til undervisning i nabospråka dansk, norsk og svensk, nordisk kultur og samfunn og natur. Lærarrettleiingane hjelper deg med å navigere snøgt gjennom temaa, og aktivitetsforslaga våre inneheld idear til korleis du kan undervise i nabospråka utan å vere bunden til ein bestemt video eller tekst. Alt materiale er gratis å nytte!

 

Vi er no over 16 000 lærarar på Norden i Skolen! Vi ønskjer dykk alle ein riktig gild sommar og kjem attende med ny energi til endå eit godt skoleår der vi fører den nordiske språk- og kulturfellesskapen vidare og tettare saman. Det blir kjekt!