Tekst
Video
Spel og leik
Konkurranse
Lydinnspeling
Oppgåve
Faglitteratur
Lærarrettleiing

Gløymt passord?

 

10-10-2019

NO ER DET NORDISKE PLASTKAPPLØPET TILBAKE!

NO ER DET NORDISKE PLASTKAPPLØPET TILBAKE!

«Nordisk plastkappløp» er eit gratis handlingsbasert undervisningskonsept som fokuserer på problemet med plastforureining i naturen. Det er eit løp mot klokka – for vår felles framtid og for planeten vår. Tilhøyrande undervisningsmateriale om utfordringar med plast og mikroplast i naturen finn de her.

Slik går de fram for å delta:
1. Start klokka, og spring ut og samle saman så mykje plast og ikkje-nedbrytbart materiale de greier på 15 minutt.

2. Ta med dykk det innsamla skrotet tilbake til skolen, ta eit bilete av det saman med klassen, og last det opp her på nordeniskolen.org.

VINN EIT NORDISK BESØK
Alle klassar som lastar opp eit bidrag på www.nordeniskolen.org, er med i konkurransen om eit eksklusivt klassebesøk frå Norden i Skolen og ein liten, hemmeleg premie. Vinnarklassen blir presentert på Den nordiske klimadagen 11. november.