Tekst
Video
Spel og leik
Konkurranse
Lydinnspeling
Oppgåve
Faglitteratur
Lærarrettleiing

Gløymt passord?

 

15-03-2017

NORDISK SKOLECHAT 23. MARS KLOKKA 12:00–14:00 CET – BLI MED PÅ GEO-JAKTA!

NORDISK SKOLECHAT 23. MARS KLOKKA 12:00–14:00 CET – BLI MED PÅ GEO-JAKTA!

I år blir Nordisk Skolechat arrangert med eit heilt nytt konsept, inspirert av «Mystery Skype», som vil sende nyfikne elevar ut på ei spennande og utfordrande oppdagingsferd i alle dei nordiske landa. Elevane blir stilte overfor ei geografisk utfordring, og det må detektivarbeid til for at geo-jakta skal bli vellykka.

Konseptet for årets Nordisk Skolechat går nemleg ut på at elevane skal gjette kvar i Norden dei andre elevane på chaten er. Ved å berre stille enkle JA- og NEI-spørsmål skal elevane samle inn nok informasjon til å kunne peike ut byen til den andre elevgruppa på kartet. Geo-jakta er over først når begge elevgruppene har gjetta riktig på kvar dei andre er. Når elevane klikkar på «neste», vil ei ny elevgruppe frå eit anna nordisk land dukke opp i chaten, og geo-jakta tek til på ny.

Ei unik og morosam undervisning

Nordisk Skolechat er ein heilt ny måte å møte andre nordiske skoleelevar på – og samstundes eit unikt høve til å forstå melodiane, likskapane og forskjellane i dei andre nordiske språka. Nordisk Skolechat, som har blitt oppdatert sidan i fjor, passar fint for alle klassane på grunnskolen. Utfordringa i geo-jakta gjer at elevane får testa kunnskapane sine i blant anna nordisk geografi, kultur og språk – og det beste er at elevane som deltek i Nordisk Skolechat, både lærer saman med og av kvarandre.