Tekst
Video
Spel og leik
Konkurranse
Lydinnspeling
Oppgåve
Lærarrettleiing

Gløymt passord?

 

04-05-2020

Nya kortfilmar

Nya kortfilmar

Vi har fylt på filmtilbodet på plattforma - sjekk ut dei nye nordiske kortfilmane, og bli inspirert av dei nye aktivitetsforslaga!

I samarbeid med det tverrnordiske prosjektet NoJSe presenterer vi no fire nye kortfilmar på plattforma! Gjennom året er dei blitt viste på nordiske kortfilmfestivalar i Danmark, Finland, Noreg og Sverige. No er dei òg gratis å sjå på Norden i Skolen!

Filmane Homegrown (DK), (SV) og Sportegn (NO) er med i det nye temaet «Overgangsdilemma», som er utvikla for elevar på dei høgare trinna. Elevane får i temaet høve til å diskutere ansvaret som følgjer med når ein blir vaksen, og å reflektere over identitet og kva for ein veg i livet dei sjølv vil følgje. Finske Liargirl er med i temaet «Løgn og sanning». Kvar film kjem med tilhøyrande arbeidsoppgåver der elevane kan arbeide med både språk, kultur og innhald. Til kvart tema finn du ei lærarrettleiing som gir oversyn og gjer det lett å setje seg inn i materialet.