Tekst
Video
Spel og leik
Konkurranse
Lydinnspeling
Oppgåve
Faglitteratur
Lærarrettleiing

Gløymt passord?

 

10-09-2015

Ressursar og råvarer - kornsortar

Ressursar og råvarer - kornsortar

Kor kjem maten frå?

 

Nytt og gratis undervisningsmateriale til alle 12-14-åringar i Norden om ressursar og råvarer.

Ei undersøking frå 2013 viser at 1/3 av alle barn og unge ikkje hjelper til med matlaginga i heimen - og samtidig er forbruket av halvfabrikat i matlaginga stigande. Det betyr at mange skolebarn i dag veit langt mindre om kor maten dei et kjem frå enn for berre ein generasjon sidan.

I eit nytt tema sett Norden i Skolen fokus på ressursar og råvarer og sett samtidig Kampen mot Matkasting i gang. Når vi veit meir om dei ressursane vi brukar blir vi nemleg også betre til å ta vare på dei. Det nye temaet fortel om framtida sine moglegheiter for beredyktig fiskeri, skogbruk, husdyrhald og korndyrking, og passar til måla i læreplanane til dei nordiske skulane i biologi, samfunnsfag og natur og teknikk.

Når fortida blir framtida

Jørn Ussing Larsen er ei eldsjel som i sitt meir enn 40 års virke i bakeriet Aurion i den nordligaste del av Jylland i Danmark har vore ein av dei drivande kreftene bak nyinnføringa av gamle nordiske kornsortar. Verksemda leverer i dag til heile Norden, og historia om Aurion er samtidig historia om ei langsam erkjenning av at nokre av dei utfordringane landbruket står overfor i dag med fallande kornkvalitet, auka utleiingar til nær- og vassmiljøet og vanskar med å få økonomien til å henge saman, kan løysast ved å tenke på nye måtar. 

Bakeriet Aurion tok eiga mølle med vindmølle i bruk i 1984, og produksjonen er fortløpande blitt utvida gjennom åra, så det i dag vert arbeida med meir enn 500 tonn korn i året. Sortane har sære namn som enkorn, emmer, spelt, svedjerug og kamut.
Undervisningsmaterialet på Norden i skolen blir tilgjengeleg 11. november 2015, og her vil elevane kunne møte nye og gamle kornsortar, lære om korleis nyoppdaginga av dei gamle kornsortane kan vere med på å etablere ei berekraftig kornbruk i Norden og lære om omgrep som biodiversitet og berekraft.

Som Jørn Ussing seier: ”Danske konvensjonelle avlarar klagar over at vi ikkje kan dyrke brødkorn i Danmark, då kvaliteten ikkje blir god nok; eit proteininnhald på 8,4 % er sterkt utilfredsstillande for dei. Men er det då ikkje urettferdig at vi med gamle kornartar kan levere eit proteininnhald som er ca. det dobbelte, som t.d. ølandshvede og spelt, emmer, dalarhvede. Utbyttet blir mindre, men vi kan godt lage super kvalitet, ved forbetra dyrkingsteknikkar og ein relativ lav kvelstofftilførsel og dermed mindre miljøbelastning.”

Biodiversitet og næringsinnhald

På Aurion deltek dei kvart år i forskjellige forskingsprosjekt. Ein av dei største overraskingane var då dei i 2003 fant ut av at deira mjøl inneheldt meir E-vitamin enn anna mjøl, sjølv om det blei sikta og ein stor del av kliet blei fjerna. Og forsking i bruk av dei gamle kornsortane fortsetter.
Norden i Skolen har i vår også besøkt Anders Borgen, som forskar på korleis dei gamle kornsortane sin motstandsdyktigheit mot sjukdommar kan vere eit alternativ til bruk av sprøytegift i landbruket.

Han viser rundt på eigendomen sin ved Mariager Fjord og fortel om arbeidet. I eit moderne landbruk skal alt helst vere heilt likt, seier han. Slik kan bruken av gjødsel og sprøytemiddel som brukast doserast og tilpassast presist til den enkelte sort. Det betyr at kornet ikkje lenger dyrkast på grunn av sitt næringsinnhald, smaken eller evna det har til å gro i det nordiske klimaet, men primært for motstandsdyktigheita si, og kor mange aks det enkelte strå kan bere. I eit økologisk landbruk føregår det heilt omvendt, og ifølge Anders Borgen er det kanskje framtida for landbruket. Når Anders utviklar sortar baseret på dei gamle kornsortane, så er det å så stor variasjon som mogleg som gjeld for han. Det viser seg nemleg at på den måten vil det alltid vere korn som er motstandsdyktig, og samtidig betyr variasjonen også at innhaldet av næringsstoff er forskjellig – og at den føda vi som menneske til slutt får i oss blir meir variert.

Det er ein heilt ny måte å tenke på. Om ein sett saman resultata frå dette arbeidet med dei 40 åra i bakeriet Aurion, er det inga tvil. Framtida er i fortida. Kvaliteten blir betre, miljøet mindre belasta og økonomien betre.

Les meir om det nye temaet av året og meld på skolen din til Kampen mot Matkasting på Nordeniskolen.org.