Tekst
Video
Spel og leik
Konkurranse
Lydinnspeling
Oppgåve
Faglitteratur
Lærarrettleiing

Gløymt passord?

 

12-10-2015

Ressursar og råvarer - skogbruk

Ressursar og råvarer - skogbruk

Tyggegummi, kulepennar og klede frå dei finske skogar Nytt og gratis undervisningsmateriale til alle skolar i Norden om ressursar og råvarer

Ei undersøking frå 2013 viser at 1/3 av alle barn og unge har mangelfull kunnskap om desse råvarene. Det betyr at mange skolebarn i dag veit langt mindre om opphavet av maten dei et og materialet møblane deira er laga av enn for berre ein generasjon sidan. I eit nytt tema sett Norden i Skolen fokus på ressursar og råvarer og sett samtidig Kampen mot Matkasting i gang. Når vi veit meir om dei ressursane vi brukar blir vi nemleg også betre til å ta vare på dei. Det nye temaet fortel om framtida sine moglegheiter for beredyktig fiskeri, skogbruk, husdyrhald og korndyrking, og passar til måla i læreplanane til dei nordiske skulane i biologi, samfunnsfag og natur og teknikk.

 Ein del av det nye undervisningstemaet ’Ressursar og råvarer’, som vert lansert 11. november 2015 på www.nordeniskolen.org, vil sette berekraftig skogbruk i Finland på tapeten. Materialet vil blant anna lære elevane om diversiteten i skogen, samt kvifor det er viktig å passe på skogen og bruke alle ressursane i han optimalt. I byrjinga av juli besøkte Norden i Skolen derfor fleire finske organisasjonar og verksemder som arbeider med nettopp skogbruk og betre utnytting av tre for å undersøkje og bli klokare på emnet.

Ein av dei organisasjonane er Metsäyhdistys, Den finske Skovforening, som tilbyr spennande informasjon om bruk av skogen, moglegheiter skogen tilbyr og skogsektoren i Finland til folk utanfrå sektoren. Metsäyhdistys arrangerer blant anna turar i skogen for finske skoleklasser, kor barna lærer om alt det flotte med skogen, ser på store skogmaskiner og grillar pølser over bål. Foreininga deltek i og følgjer debattar om skogbruk, utviklar materiale om skogen og arbeider generelt for at alle som bur i Finland har ei grunnleggande forståing av skogen si betyding.

Dei finske skogane dekker 75 % av arealet til landet, og ein av fem i Finland si befolkning – altså ca. 1 million finnar – er skogeigarar og fleire er tilsett i skogindustrien og i jobbar relatert til skogfaget på ein eller annan måte, og lev derfor direkte eller indirekte av skogen. Det seier derfor seg sjølv at berekraftig skogbruk og utnytting av tre og restprodukt av det er svært viktig for det finske folk. I nordisk perspektiv har skogen også ei viktig rolle i dag – blant anna når det kjem til nordiske design – og skogen har hatt ei stor betyding historisk sett, kor tømmer er blitt brukt til å bygge hus, vikingskip og reiskapar.

Hjå Norden i Skolen bestemte vi oss derfor for å sjå litt nærmare på kva tre utnyttast til. Dei fleste tenker på varer av tre som papir, møbel, trevarer og flis til hagen, men Metsäyhdistys opna auga våre for ei heilt ny verd då dei fortalte om bl.a. tekstil, kulepennar, cellofan og tyggegummi, som enten berre er laga av tre eller som inneheld viktige element frå treet. Metsäyhdistys viste dessutan fram eit spennande tre-baseret materiale frå Woodcast®, som kan brukast på same måte som gips. Materialet er laga av rein tre og plast som kan brytast ned biologisk, og kan støypast lett utan bruk av vatn, ein varmar berre materialet opp og så er det mogleg å forme etter kroppen. Viss det er behov for det kan ein justere og endre utan at noko går til spille. Same tankegang gjeld når ein kan behalde materialet på, medan ein tek røntgenbilde – ikkje noko svinn, som ein elles ville hatt med gips som må takast av og erstattast med ny i same situasjon.

Utnytting av restprodukt og ønsket om å unngå svinn er ein ny måte å tenke tre på - og det er inga tvil om at det er ei spennande utvikling for framtida sine trevarer. Norden i Skolen sitt heilt nye undervisningsmateriale blir tilgjengeleg på www.nordeniskolen.org denne hausten. Les meir om det nye temaet av året og meld på skolen din til Kampen mot Matkasting.

DELTA I KAMPEN MOT MATKASTING:

1. MELD PÅ KLASSA DI
2. REGISTRER MATAVFALLET TIL KLASSSA I MINIMUM EI VEKE
3. NO DELTEK DU I KAMPEN MOT MATKASTING

Premie: 5000 kr. til klassekassa