Tekst
Video
Spel og leik
Konkurranse
Lydinnspeling
Oppgåve
Faglitteratur
Lærarrettleiing

Gløymt passord?

 

24-09-2018

Set plasten på plass! – No er Det nordiske plastkappløpet tilbake!

Set plasten på plass! – No er Det nordiske plastkappløpet tilbake!

«Det nordiske plastkappløpet» er eit undervisningskonsept som set plastikkforureining i naturen i fokus med ei handlingsbasert tilnærming. Det er eit kappløp mot tida – for vår felles framtid og for planeten vår. Tilknytt undervisningsmateriale om utfordringar med plast og mikroplast i naturen finn du på Norden i Skolen.

 

Slik kan du og klassen din delta:

1. Opprett ein profil på nordeniskolen.org – det er gratis!

2. Start klokka og spring ut i naturen med klassen, og saml inn så mykje plast og ikkje-nedbryteleg materiale de kan på 15 minutt.

3. Ta med det innsamla bosset tilbake til skolen, ta eit bilete av det saman med klassen, og last det opp på nordeniskolen.org.

 

VINN EIT BESØK AV EIN KLIMAEKSPERT

Alle bileta som blir lasta opp på www.nordeniskolen.org, er med i ei årleg loddtrekning om å vinne eit eksklusivt klassebesøk av ein klimaekspert. Ved å laste opp fleire bilete kvar gong klassen samlar inn plastboss, aukar sjansen for å bli trekt ut. Vinderen blir trekt 11. november 2018 – den nordiske klamadagen!