Tekst
Video
Spel og leik
Konkurranse
Lydinnspeling
Oppgåve
Faglitteratur
Lærarrettleiing

Gløymt passord?

 

28-03-2017

TAKK FOR KAMPEN OG GRATULERER TIL VINNARANE AV ÅRETS KLIMADUELL PÅ NORDEN I SKOLEN – DET NORDISKE PLASTKAPPLØPET!

TAKK FOR KAMPEN OG GRATULERER TIL VINNARANE AV ÅRETS KLIMADUELL PÅ NORDEN I SKOLEN – DET NORDISKE PLASTKAPPLØPET!

Dei siste 5 månadene har engasjerte nordiske skoleklassar vore med i kampen for eit plastfritt miljø. Elevar og lærarar frå heile Norden har tatt utfordringa frå Norden i Skolen og samla inn plastsøppel frå både strender, skolegardar og vegkantar i byen. 

GRATULERER TIL 7. KLASSE VED BUGGELAND SKOLE!

Den heldige vinnaren av årets Klimaduell er 7. klasse ved Buggeland skole i Noreg. Dette skriv dei om bidraget sitt: «Vi har plukket plast i skoleområdet. OK å kaste plast i naturen = Vi mener NEI!» Sjuandeklassen frå Buggeland skole er trekt ut blant over 80 ulike nordiske klassar som har teke del i konkurransen om å vinne 5000 kroner ti klassekassa. Vi har fått bidrag frå både Åland, Finland, Sverige, Færøyane, Noreg, Danmark og Island – fantastisk!

KAMPEN MOT PLAST HELD FRAM

Konkurransen «Det nordiske plastkappløpet» er over for denne gong, men kampen mot plastforureining i naturen held fram på Norden i Skolen. Årets Klimaduell har engasjert mange av brukarane på Norden i Skolen, og derfor ønskjer læringsportalen å leggje til rette for at vi i fellesskap kan halde fram med å setje fokus på problemet med plastforureining i undervisninga. Det vil derfor framleis vere mogleg å laste opp bilete av klassar og plasten dei har samla inn på 15 minutt.

Alle bilete som blir lasta opp på www.nordeniskolen.org er med i ei årleg loddtrekking om å vinne eit eksklusivt klassebesøk av ein klimaekspert. Det vil vere mogleg å laste opp fleire bilete, sidan mange av deltakarane i året har ønskt å halde fram kampen mot plast i nærmiljøet. Ved å laste opp fleire bilete styrkjer ein sjansen for å bli trekt ut som klassen som vin eit besøk fra ein klimaekspert. I tillegg vil alt underivsningsmaterialet som er blitt utvikla i samband med årets Klimaduell, framleis vere tilgjengeleg på Norden i Skolen.

Endå ein gong ein stor takk til alle elevar og lærarar som har gjort ein strålande innsats i kampen mot plast i naturen under Det nordiske plastkappløpet! De er med på å bevise at vi i Norden kan få til endå meir når vi møter utfordringane saman.