Tekst
Video
Spel og leik
Konkurranse
Lydinnspeling
Oppgåve
Faglitteratur
Lærarrettleiing

Gløymt passord?

 

08-01-2019

Velkommen til eit nytt og spanande skoleår på heile Nordens undervisingsplattform!

Velkommen til eit nytt og spanande skoleår på heile Nordens undervisingsplattform!

Det nye skoleåret er no i gang, og på undervisingsplattforma nordeniskolen.org tilbyr vi ein ny bukett undervisningsmateriale som du og klassane dine kan nytte til nabospråksundervisning og i nordiske undervisningsemne.

På plattforma finn du nordisk film og litteratur, songar, spel og aktivitetar. Lærarrettleiingane hjelper deg med å planleggje undervisninga i nordiske undervisningsemne, og dei nye aktivitetsforslaga gjer det lettare enn nokon gong å aktivisere elevane i undervisninga.

 

Dette skjer i vår:


Endå fleire aktivitetsforslag!

Aktivitetsforslaga gjer dansk-, norsk- og svenskundervisning konkret og engasjerer elevane. Kvart aktivitetsforslag inneheld ein introduksjon til aktiviteten og ei forklaring til korleis oppgåva skal utførast. Dei fleste aktivitetane krev minimalt med førebuing og styrkjer ordforståinga og den munnlege kommunikasjonen til elevane, samstundes som elevane styrkjer si nordiske tilhøyrsle.

Nordisk skolechat!

Vi har fiksa og triksa og finslipt Nordisk skolechat og gjer oss klare til den gjævaste opplevinga med Nordisk skolechat i 2019. Skolechaten blir arrangert på bestemte datoar, så følg med på heimesida og Facebook for info om neste chatterunde!

Det er gratis å delta. Det einaste som krevst, er at ein vågar å prøve seg fram på dansk, norsk eller svensk – uavhengig av kvar i Norden ein oppheld seg. 

Nordiske vennskapsklassar!

Vennskapsklassedatabasen på Norden i Skolen veks, og det med god grunn! Å samarbeide med ein vennskapsklasse i eit anna nordisk land opnar for ein masse spennande moglegheiter – både fagleg, kulturelt og sosialt. Elevane kan få nye vennar og ha det kjekt, samstundes som dei lærer på ein måte som skil seg frå den tradisjonelle tavleundervisninga. Mange elevar får auga opp for verdien av fellesnordisk språk og kultur når dei sjølv for høve til å oppleve det.

Det er gratis å nytte alt av undervisningsmateriale og aktivitetar på Norden i Skolen. Norden i Skolen er utvikla av Foreiningane Norden.