Tekst
Video
Spel og leik
Konkurranse
Lydinnspeling
Oppgåve
Faglitteratur
Lærarrettleiing

Gløymt passord?

 

31-10-2017

Velkommmen – Norden i Skolen har pussa opp

Velkommmen – Norden i Skolen har pussa opp

 

Undervisningsportalen Norden i Skolen blir no endå lettare og gøyare å bruke for lærarar og elevar i heile Norden: Portalen er blitt optimalisert slik at du som lærar raskare kan skaffe deg oversikt over dei mange ulike tekstane, filmane, oppgåvene og aktivitetane du kan bruke gratis, og i tillegg er det no lettare å komme i kontakt med ein vennskapsklasse.

 
Få oversikt med eit enkelt klikk

Portalen har no fått ein ny søkjefunksjon, slik at du som lærar med eit enkelt klikk kan få oversikt over alle undervisningstilboda som kan brukast av klassen din. Blant anna eit stort utval skreddarsydde temapakker, tekstar og filmar med spennande oppgåver, der alt er tilrettelagt og klart til bruk. Til dømes om nabospråk, samfunnstilhøve og kultur i Norden. Som noko heilt nytt kan du òg søkje etter spesifikke læringsfokus, slik at du lett kan kople materialet til læreplanen.

 
Lett å lage prosjekt med vennskapsklassar

At portalen er blitt meir oversiktleg å bruke, betyr òg at ein i klassekvardagen berre er få klikk unna vennskapsklassar, så samarbeid med elevar andre stader i Norden enkelt kan gjerast til ein del av den ordinære undervisninga: Nordeniskolen.org har no fått eit vennskapsklasserom der ein – via oppslagstavla og chattefunksjonane – kan komme i kontakt med elevane i vennskapsklassen.

 
Programsjef Thomas Henriksen seier:
«Med portalen vil vi gi lærarar og elevar i heile Norden moglegheit til å arbeide med nabospråk på gøyale og aktuelle måtar – blant anna ved å ta inn fleire modalitetar med massevis av videoar og aktivitetar der ein via chatt/videochatt kan jobbe saman med vennskapsklassar frå resten av Norden om ulike tema i for eksempel språkfag, naturfag, historiefag og samfunnsfag.»