Tekst
Video
Spel og leik
Konkurranse
Lydinnspeling
Oppgåve
Faglitteratur
Lærarrettleiing

Gløymt passord?

 

18-12-2020

Vi innleiar det nye året med Nordisk skolechat - På popcorndagen!

Vi innleiar det nye året med Nordisk skolechat - På popcorndagen!

For å byrje året på ein god måte har vi nok ein gong førbudd ein skulechat til dykk, og denne gongen er temaet film! Den 19. januar er det nemleg den internasjonale popcorndagen, og då smell det i mikrobølgjeovnar og kasseroller over heile verda. Så pop popcorn heile dagen – kanskje saman i klassa også? Sett deg ned med elevane dine i chatterommet vårt for å møte og snakke om film med andre elevar frå heile Norden.

Chatten består av to delar:

1) Sjå filmen

2) Bli med i chatten

Så enkelt er det altså å delta. Vi har valt den nye norske kortfilmen Sparkekoret frå 2020 (med 18 minutts lengd) som de skal sjå i klassa før chatten. Sparkekoret er ei forteljing om framandfrykt, tilgiving og å våge å følgje draumane sine.

Det er viktig å sjå filmen før chatten for å kunne følgje med på diskusjonsspørsmåla som dukkar opp under chatten. Spørsmåla som blir stilt kan f.eks. vere «Kunne filmen ha funne stad utanfor Norden?» eller «Korleis blir maskulinitet framstilt i filmen?». Det er opp til elevane å reflektere over filmen i chatten saman, men dersom du som lærar vil førebu elevane dine, kan de først diskutere filmen saman i klassa.

Kva? Nordisk skolechat 

Kven? 5.-7. klasse og 8.- 10. klasse

Når? 19.1 Kl.10.00-11.00 & 12.00-13.00 (CET)

 

Du kan melde klassa på her

Du finn filmen her

Meir om det praktiske og konseptet temachat kan de lese her