Tekst
Video
Spel og leik
Konkurranse
Lydinnspeling
Oppgåve
Lærarrettleiing

Delta i Nordisk Skolechat

Nordisk skolechat er ein banebrytande rotasjonschat og ein artig måte å treffe andre nordiske skoleelevar på mens ein får trent kunnskapane i dansk, norsk og svensk. Skolechaten blir arrangert på bestemte datoar og har fleire tusen deltakarar, så følg med på heimesida og Facebook for info om neste chatrunde!

 

Rotasjonschaten gir elevane høve til å prate med andre elevar i Norden i tilfeldig rekkjefølgje. På skjermen vil det vere to chattevindauge – ein kan sjå seg sjølv i det eine og ein tilfeldig nordisk elev i det andre. Knappen <Neste> kan nyttast når som helst for å hoppe frå det eine spontane møtet til det andre. Alle skoleelevar i Norden kan vere med, men det krev at ein vågar å prøve seg fram på dansk, norsk eller svensk. Det er gratis å delta!

 

 

TEKNISKE KRAV

For å delta i chaten treng du følgjande:

  • Bruk FireFox eller Google Chrome som nettlesar.
  • Bruk ei datamaskin med kamera/webcam og mikrofon.
  • Registrer ein brukar (ein lærar registrerer klassen sin og gir elevane sine ei registrerings-lenkje).
  • Vi tilrår at elevane nyttar headset.
  • Test om alt går gjennom til skolechaten i god tid øvst til høgre på denne sida (lokale brannmurar m.m. kan skape tekniske utfordringar).
  • Nettbrett eller smarttelefonar kan ein dessverre ikkje nytte.

 

GOD ÅTFERD, GODE OPPLEVINGAR

Nordisk Skolechat skal skape gode opplevingar og relasjonar – ikkje det omvende. Norden i Skolen stiller derfor krav om at alle behandlar kvarandre med respekt og snakkar pent til kvarandre. Vi anbefaler at de i klassen tek ein grundig prat om god åtferd på nettet (nettikette) før de går i gang med Nordisk Skolechat. Snakk til dømes med kvarandre om at ein ikkje berre representerer seg sjølv når ein snakkar med elevar frå dei andre nordiske landa, men at ein er ambassadørar for heile skolen, byen og landet.

 

Nordisk Skolechat er ikkje open heile døgnet, men berre i eit bestemt tidsrom der trafikken blir overvakt. Det er i utgangspunktet ingen sensur, men om upassande åtferd blir registert, kan Norden i Skolen raskt blokkere den enkelte. Det er òg ein «Meld frå»-knapp som elevane kan nytte i særskilde tilfelle om dei opplever upassande åtferd.

 

NORDISK SKOLECHAT 6.11, 9.11, 15.11.2018!

Bilete

image001.gif skolchat-no-da.jpg banner DA.jpg