GRATIS UNDERVISNINGSPLATTFORM FOR HEILE NORDEN
Norden i Skolen er ei gratis undervisningsplattform som gir lærarar og elevar i alle dei nordiske landa unike moglegheiter til å jobbe med fagområda «Språk og kultur», «Historie og samfunn» og «Klima og natur» i eit nordisk perspektiv. Undervisningsplattforma rettar seg mot grunnskolen og vidaregåande skolar.
Norden i Skolen administreres av Foreningene Norden. Prosjektet er nonprofit og er støtta av Nordisk ministerråd.
SPRÅK OG KULTUR
Primært fagområde: språkfag (grunnskole + vidaregåande)
Materialet under «Språk og kultur» tek utgangspunkt i at nabospråksundervisning er noko anna enn ordinær morsmålsundervisning. Oppgåver og innhaldselement er utvikla og sett saman med eit særleg nabospråksdidaktisk fokus, som bl.a. set talespråket og lytteforståing i sentrum. Og for å lære eit språk er det ikkje nok å berre lære om det – ein må òg ha høve til å bruke det! Det har ein på Norden i Skolen bl.a. via kommunikasjonsverktøy som chat, videochat og ei tavle som gjer det mogleg å nytte nabospråka i ein autentisk samanheng med vennskapsklassar.
Eit utval litterære verk og kortfilmar frå heile Norden dannar ei spennande kulturell ramme om undervisninga, der elevane ved å sjå tinga frå ein annan vinkel og ein annan ståstad – attpåtil på eit anna språk – blir meir bevisste om si eiga språk- og kulturforståing.
Finn materialet til «Språk og kultur» HER.
HISTORIE OG SAMFUNN
Primært fagområde: historie og samfunnsfag (pt. primært vidaregåande.)
Materialet under «Historie og samfunn» tilbyr undervisningsopplegg som styrkjer forståinga av aktuelle nordiske historie- og samfunnsmessige emne. Norden i Skolen set i første omgang fokus på Arktis og riksfellesskapet mellom Danmark, Færøyane og Grønland. Kva betyr det for eksempel at isen er i ferd med å smelte i Arktis? Kvifor aktualiserer det eit behov for å forstå dei interne dynamikkane som gjeld i riksfellesskapet? Og kva er skilnaden på mjuk og hard makt?
Materialet om Arktis og riksfellesskapet er retta mot vidaregåande skole. Norden i Skolen ønskjer i framtida å òg utvikle historie- og samfunnsfagleg materiale til grunnskolen.
Finn materialet til «Historie og samfunn» HER.
KLIMA OG NATUR
Primært fagområde: natur- og samfunnsfag (pt. primært grunnskolen 8.–10. klasse)
Undervisningsmaterialet under «Klia og natur» set fokus på aktuelle tema og emne som bl.a. berekraft, energiforbruk og plast i havet. Elevane lærer å samarbeide med andre unge i dei nordiske landa om å finne berekraftige løysingar som kan fungere i kvardagen heilt frå Grønland i nord til Finland i aust. Gjennom arbeidet med materialet tileignar elevane seg reiskapar for å forstå og ta stilling til globale klimautfordringar og til sjølv å kunne handtere dei meir lokale utfordringane. Oppgåvene går bl.a. ut på å finne miljøvennlege løysingar på skolen, heime og i lokalmiljøet. Elevane har òg høve til å undersøkje kvar energien skal komme frå i framtida, og utforske dilemma mellom moderne livsførsel og ressursbruk.
Finn materialet til «Klima og natur» HER.
VENNSKAPSKLASSAR
På Norden i Skolen kan du finne og etablere samarbeid med nordiske vennskapsklassar. Samarbeidet med jamaldringar frå eit anna nordisk land bringar ein spennande dimensjon inn i undervisninga. I tillegg til å vere inspirerande og meiningsskapande for elevane, dannar vennskapsklassefunksjonen òg ei ramme for undervisningsopplegga som gjer den enkelte eleven til ein aktiv deltakar i sin eigen læringsprosess.
Les meir og finn ein vennskapsklasse HER.
Les meir om kva moglegheiter som finst for å søkje økonomisk støtte til å utvide vennskapsklassesamarbeidet HER.