Tekst
Video
Spel og leik
Konkurranse
Lydinnspeling
Oppgåve
Lærarrettleiing

Gløymt passord?

 

Neste skolechat

04. november 2020

FAQ – Nordisk skolechat

Korleis deltek eg med klassen min på Nordisk skolechat?

For å delta på Nordisk skolechat må du ha registrert ein brukarkonto på Norden i Skolen (det er gratis!). Deretter melder du på klassen din til det arrangementet de vil delta på, ved å klikke på påmeldingsknappen til høgre for arrangementet. Alle arrangementa finn du på sida for Nordisk skolechat! Logg deretter på skolehaten på det aktuelle tidspunktet. Sjekk på førehand at alt utstyr fungerer, og sjå til å skru av eventuelle blokkeringar.

 

Korleis loggar elevane inn på Nordisk skolechat?

Elevane loggar inn med ei elev-innlogging som står i stadfestingsmeldinga som blir send ut ved påmelding til eit arrangement. Denne elev-innlogginga kan alle elevane dine nytte.

 

 

Korleis melder vi oss av frå ein chatterunde?

Om du vil melde klassen din av frå eit arrangement, kan du gjere det ved å klikke på lenkja i stadfestings-e-posten du fekk då du melde klassen på arrangementet.

Oppdater sida, og sjekk at klassen din ikkje lenger står ført opp i lista over påmelde klassar.

 

 

Kva for nettlesarar kan eg bruke til Nordisk skolechat?

Google Chrome, Safari, Mozilla Firefox

 

Kan ein bruke nettbrett og iPad til skolechaten?

Ja, det er no mogleg å nytte nettbrett og/eller iPad på Nordisk skolechat. Vi tilrår dei som nyttar iOS, å nytte nettlesaren Safari.