Tekst
Video
Spel og leik
Konkurranse
Lydinnspeling
Oppgåve
Faglitteratur
Lærarrettleiing

Gløymt passord?

 

Jordas dag

JD bild.png

Den 23. mars feira vi Nordens dag - 22. april er det tid for å vie merksemda mot Jordas dag!
Klimaspørsmål og læring for varig utvikling er viktig alle dagar i året, men kvifor ikkje nytte høvet og la elevane diskutere klimaspørsmål og tenke over kva framtid dei vil ha saman med jamaldringar frå heile Norden? Klima- og miljøspørsmål er ofte grenseoverskridande og krev samarbeid og kommunikasjon landa imellom. Ein nordisk dimensjon i klima- og miljøundervisinga skaper meirverdi, så ta sjansen og chat i veg på Jordas dag!

 

Kva? Nordisk skulechat - temachatten Jordas dag
Kven? Heile Norden. Årskurs 4.-6. og 7.-9. (5.-7. og 8.–10. i Norge og på Island)
Når? 22. april kl. 10.00-11.00 og 12.00-13.00 (CET)

Konseptet er enkelt. Som førebuing kan de sjå den norske kortfilmen "Fuck fossils" (5 min, 12 sek) saman i klassa.

undefined
Fuck fossils
I kortfilmen følgjer vi to ungdommar ein haustkveld i år 2050. Kvardagen deira er allereie prega av konsekvensane av klimaforandringane og kveldens store spørsmål er om verda har klart å avgrense den globale oppvarminga til 2 grader? I hovudrollene er Thomas Hayes (blant anna kjend for si rolle som William i TV-serien SKAM) og Rebekka Kjølle. Filmen er basert på Thomas Cottis sin forskingsrapport "En framtid du ikke vil ha". 

Nordisk skulchat 22/4
Den dagen det er skulechat loggar elevane inn på https://nordiskskolechat.org/, der dei får opp diskusjonsspørsmål å snakke om saman med elevar frå andre nordiske skular. Samtidig som elevane får eit rom der dei saman får reflektere over klima- og miljøspørsmål, trenar dei lytteforståing på dei skandinaviske språka, ettersom chatten skjer på svensk, norsk og dansk.

Meld på klassa her. Innloggingsinformasjonen du kan dele med elevane finn du under "min konto". Alle elevane dine kan bruke same innlogging

Nettetikett
Før skulechatten er det også bra å snakke med elevane om oppførsel på nettet. Sjå tips her.  

Les meir:
- Om konseptet temachatten
- Om Nordisk skulechat

Spørsmål
Om du vil førebu klassa di litt ekstra, kan du kike på spørsmåla her:

1. Kva problem fører eit varmare klima til? 
2. Kven blir hardast ramma av klimautfordringane?
3. Kven har ansvaret for å bremse den globale oppvarminga?
4. Er du uroa for klimaendingane og kva er du mest uroa for?
5. Kvifor er det viktig at det finst mange ulike typar dyr, insekt og plantar (biologisk mangfald)?
6. Er det den rike eller fattige delen av verda som har størst ansvar for utslepp av drivhusgassar?
7. Korleis vil du at verda skal sjå ut i år 2050?
8. Korleis trur du at reising kjem til å gå føre seg i år 2050?
9. Korleis trur du matvanane våre kjem til å ha endra seg i år 2050?
10. Kvifor må vi slutte å bruke fossil brensel som kol og olje?
11. Kva energikjelder trur du kjem til å vere mest vanleg i heimlandet ditt i 2050 og kvifor?
12. Kvifor er det viktig å avgrense den globale oppvarminga så mykje som mogleg?
13. Kva burde politikarar gjere for å bremse den globale oppvarminga?
14. Bli einige om tre saker som er bra for framtida til planeten.
15. Bli einige om tre saker som er negative for framtida til planeten.