Tekst
Video
Spel og leik
Konkurranse
Lydinnspeling
Oppgåve
Faglitteratur
Lærarrettleiing

Gløymt passord?

 

Neste skolechat

22. april 2021

Konsept: Spørjetimen

Spørjetimen

I «Spørjetimen» får du høve til å prate med og stille spørsmål til andre jamgamle nordbuarar om det du ønskjer å vite meir om. Kva veit du til dømes om dei nordiske landa og korleis det er å vere ung andre stader enn der du sjølv er oppvaksen? Lærer alle i Norden dansk, norsk og svensk på skolen?

Før spørjetimen kan de gå saman i grupper på to–tre elevar og førebu spørsmål til kvart land, om ting de lurer på. Det kan vere om kva som helst, men tenk på kva som kunne vore kjekt å prate om med jamaldringar frå eit anna nordisk land – no som de har sjansen!

 

Slik går det føre seg:

  • Grupper på to–tre elevar førebur ei rekkje spørsmål til jamaldringar frå kvart nordisk land (obs: i forkant av Nordisk skolechat)
  • Alle grupper har tilgang til PC der dei kan logge inn på Nordisk skolechat. Det held at éin i gruppa loggar inn.
  • Når de får kontakt med andre nordiske elevar i skolechaten, kan de byrje med å helse på kvarandre og presentere dykk. Å kommunisere over nettet med nokon som snakkar eit anna språk, kan vere vanskeleg, så ver derfor ekstra medvitne om å vere vennlege, opne og hjelpsame, slik at alle har det kejkt.
  • Spørjetimen byrjar når det første spørsmålet er stilt.
  • Avslutt chaten når ingen har meir å spørje dei andre om. Hugs å takke for praten og seie ha det til kvarandre. Klikk deretter på <Neste>, og begynn ein ny chat – fleire elevar ventar på dykk!

Bilete

ipad skolechat.jpg