Tekst
Video
Spel og leik
Konkurranse
Lydinnspeling
Oppgåve
Faglitteratur
Lærarrettleiing

Gløymt passord?

 

Likestilling

Bild jämställdhet.png

Kva? Nordisk skulechat - temachatten Likestilling

Kven? Heile Norden. Årskurs 7.-9. (8.–10. i Noreg og på Island)

Når? 15/9 kl. 12.00-13.00 (CET)

 

I mai er det fokus på likestilling i Nordisk skulechat! I chatten dukkar det opp spørsmål som oppfordrar elevane til å reflektere over korleis kjønnsnormer påverkar deira liv. I og med chatten handlar om eit kompleks tema, er det bra å førebu elevane på diskusjonen gjennom å snakke om temaet i klassa før chatten. De kan med fordel gjennomføre aktiviteten "Rammene" for å sette i gang tankane om korleis normer påverkar både verdiane og kvardagen vår.

 

Meld på klassa her.

Innloggingsinformasjon å dele med elevane finn du under "min konto". Alle elevane dine kan bruke same innloggingsinformasjon.

Nettvett
Før skulechatten er det også lurt å snakke med elevane om oppførsel på nettet. Sjå tips her

Les mer:
- Om konseptet temachatten
- Om Nordisk skulechat

 

 

Spørsmål

 

For deg som vil førebu klassa di litt ekstra, kan de tjuvtitte på spørsmåla her:

  1. Kom saman på tre ting som ein brukar å omtale som typisk mannlege
  2. Kom saman på tre ting som ein brukar å omtale som typisk kvinnelege
  3. Kan de kome på eksempel på kjendisar eller fiktive karakterar som bryt med kjønnsnormene?
  4. Når er kjønnsnormer eit problem?
  5. Kva førestillingar om mannleg/kvinneleg ville du ha endra på? Kvifor?
  6. Finst det førestillingar om mannleg/kvinneleg du ikkje ville ha endra på? Kvifor?
  7. Gjeld dei same kjønnsnormene i dag som då besteforeldra dykkar var små?
  8. Kan de kome på tre teikn på at samfunnet ikkje er likestilt?
  9. Kva bør ein endre på for at samfunnet skal vere meir likestilt?
  10. Kva betyr likestilling for deg?
  11. Har du nokon gong blitt behandla annleis fordi at du er jente/gut?
  12. På kva måte finst det ulike forventingar til gutar og jenter i samfunnet?
  13. "Kvinneleg" og "mannleg" kan beskrivast som rammer. Vi er oppdregne til å halde oss innanfor dei - men kva skjer om vi går utanfor?
  14. Tenk deg at du skulle ha endra deg til ein gut om du er jente og til ei jente om du er gut. Kva er dei største fordelane? Og ulempene?
  15. På kva måte påverkar våre førestillingar og ulike forventingar til gutar og jenter kvardagen i skulen?

Bilete

Ramarna