Tekst
Video
Spel og leik
Konkurranse
Lydinnspeling
Oppgåve
Faglitteratur
Lærarrettleiing

Gløymt passord?

 

Popcorndagen

Popcornchatt da.jpg

Den 19. januar er det nemleg den internasjonale popcorndagen, og då smell det i mikrobølgjeovnar og kasseroller over heile verda. Så pop popcorn heile dagen – kanskje saman i klassa også? Sett deg ned med elevane dine i chatterommet vårt for å møte og snakke om film med andre elevar frå heile Norden.

 

Chatten består av to delar:

1) Sjå filmen

2) Bli med i chatten

 

Så enkelt er det altså å delta. Vi har valt den nye norske kortfilmen Sparkekoret frå 2020 (med 18 minutts lengd) som de skal sjå i klassa før chatten. Sparkekoret er ei forteljing om framandfrykt, tilgiving og å våge å følgje draumane sine.

 

Det er viktig å sjå filmen før chatten for å kunne følgje med på diskusjonsspørsmåla som dukkar opp under chatten. Spørsmåla som blir stilt kan f.eks. vere «Kunne filmen ha funne stad utanfor Norden?» eller «Korleis blir maskulinitet framstilt i filmen?». Det er opp til elevane å reflektere over filmen i chatten saman, men dersom du som lærar vil førebu elevane dine, kan de først diskutere filmen saman i klassa.

 

Kva? Nordisk skolechat 

Kven? 5.-7. klasse og 8.- 10. klasse

Når? 19.1 Kl.10.00-11.00 & 12.00-13.00 (CET)