Tekst
Video
Spel og leik
Konkurranse
Lydinnspeling
Oppgåve
Faglitteratur
Lærarrettleiing

Gløymt passord?

 

Temachatten 'Nordisk litteraturveke'

Kva?  Nordisk skolechat - temachatten Nordisk litteraturveke

Kven?  Heile Norden. Årskurs 4. - 6. (5. – 7. i Norge og på Island)

Når?  15. november kl. 13.00-14.00 (CET)

 

undefined

 

Om Nordisk litteraturveke

Éin gong i året blir Nordisk litteraturveke arrangert, eit prosjekt der grunnkonseptet er å tenne eit lys og lese høgt frå same bok i heile Norden. I år er denne veka i veke 46, med start 15. november, og temaet er 'Draumar og lengsler i Norden'.

Meir informasjon om prosjektet finn ein på nordisklitteratur.org.
Her kan du lese meir om korleis ein deltek.

Årets høgtlesingsbok for born er Pärlfiskaren av Karin Erlandsson, eit eventyr om perlefiskaren Miranda som har siktet stilt inn på den segnomsuste augesteinen. Ifølgje legenden skal den som finn denne perla aldri meir lengte etter noko. 

 

 

Nordisk skolechat under litteraturveka

I samband med litteraturveka arrangerer vi Nordisk skolechat med litteraturtema! Temachatten går ut ifrå årets tema og gir elevane moglegheit til å snakke med elevar i heile Norden om både draumar og bøker. For dei som deltek i høgtlesinga under litteraturveka bidreg Nordisk skolechat med eit språkmøte som gir ytterlegare ein nordisk dimensjon. Kvifor ikkje byrje med å tenne eit lys og lese høgt frå  Pärlfiskaren for å så la elevane halde fram i skulechatten?

 

Meir om konseptet temachatten kan de lese her. Meld på klassa til chatten her. Husk å diskutere oppførsel på nettet med elevane før dei deltek i skulechatten.

Bilete

plakat21-1.png