Tekst
Video
Spel og leik
Konkurranse
Lydinnspeling
Oppgåve
Faglitteratur
Lærarrettleiing

Gløymt passord?

 

Vennedagschat

undefined

Den 14. februar blir valentinsdagen feira, men skulechatten vel å ta inspirasjon frå Finland, der dagen går under namnet "Vennedag". I vennedagschatten får elevane skrive i ei eiga "Mine vennar"-bok med dei nye nordiske vennane dei møter under chatten.

 

Korleis går det føre seg?

Alle elevar får tildelt eit Mine vennar-ark, som skal fyllast ut saman med chat-partnaren ved at elevane intervjuar kvarandre. Når eitt ark er utfylt, kan eleven gå vidare til neste chat-partnar og fylle ut eit nytt ark. Målet er at elevane langsomt skal lære kvarandre å kjenne ved å høyre om skilnadar og likskapar i språket gjennom enkle spørsmål om eksempelvis søsken, favorittfarge, hobby osv.

 

Førebu deg slik:

  • Gå igjennom Mine vennar-arket med elevane og forklar kva målet med chatten er. Diskuter gjerne korleis ein skal oppføre seg i chatten – at ein skal møte kvarandre med respekt og saman med sin chat-partnar veksle mellom kven som stiller spørsmål.
  • Det kan vere fint å gå igjennom spørjeord på dei skandinaviske språka. Hjelp med det kan du finne her.
  • Meir om korleis ein skulechat går føre seg kan du lese om her.

 

Kva du treng:

  • Skriv ut Mine vennar-arket: klasse 4-7 og 8-10.

  • Vennedagschatten er utvikla for øvingar på nabospråka: svensk, dansk og norsk. Difor kjem arket til å finnast tilgjengeleg på svensk, dansk, bokmål og nynorsk. 

  •  Pennar