Tekst
Video
Spel og leik
Konkurranse
Lydinnspeling
Oppgåve
Lærarrettleiing

Vennskapsklassar

amanda_finskas_11.jpg

Gjennom Norden i Skolen har du høve til å få kontakt med ein skoleklasse i eit anna nordisk land. Eit vennskapsklasseforhold opnar opp for ein masse spennande moglegheiter – både fagleg, kulturelt og sosialt. Elevane kan få nye venner og ha det gøy samstundes med at dei lærer på ein måte som skil seg frå den tradisjonelle klasseromsundervisninga. Faktisk vil mange elevar først oppdage verdien av det nordiske språk- og kulturfellesskapet den dagen dei sjølv har hatt høve til å erfare det.

 

 

SLIK GÅR DU FRAM

Norden i Skolen gjer det lett å få kontakt med ein klasse i eit anna nordisk land. Som lærar treng du berre gjere følgjande:

  1. Opprett ein brukar på www.nordeniskolen.org – det er gratis!
  2. Logg inn og klikk på menypunktet «Søk vennskapsklasse».
  3. Marker «JA» til at du søkjer ein vennskapsklasse.
  4. Finn og vel ein klasse på lista over moglege vennskapsklassar, og kontakt læraren. Meldinga di vil då bli send på e-post til den nordiske kollegaen din. Følg med i din eigen e-postinnboks, der du vil få svaret på meldinga.

 Finn vennskapsklassen din HER.

 

SØK PENGAR FOR Å UTVIDE SAMARBEIDET

Om ein er interessert i å utvide vennskapsklassesamarbeidet, har ein gode høve til å søkje økonomisk stønad frå eit av dei nordiske fonda. På Norden i Skolen kan ein få eit oversyn over nokre av fonda som er relevante i denne samanhengen, og få eit innblikk i kva dei normalt gir stønad til. Sjå fonda HER.