Tekst
Video
Spel og leik
Konkurranse
Lydinnspeling
Oppgåve
Faglitteratur
Lærarrettleiing

Gløymt passord?

 

10 råd for eit vellykka vennskapsklasse-samarbeid

man-couple-people-woman.jpg

1. Bygg opp ein slitesterk lærarrelasjon

Fysisk distanse og ulike skulerutinar (det vil seie timeplan, normer, tradisjonar, tidsforskjell) gjer, at ein har lettare for å gløyme, misse og nedprioritere kvarandre i ein travel skulekvardag trass i eit avtalt vennskapsklassesamarbeid - ute av syne, ute av sinn. Ein viktig del av oppstartsfasen for lærarane er difor å bli ein del av kvarandre sitt medvit. Det vil sannsynlegvis både vere hyggjeleg, interessant og lærerikt, og samtidig ei svært viktig investering i den dagen utfordringar skal overvinnast saman i kvart sitt klasserom.

Kva kan ein gjere som lærar?

  • Avtal eit møte over Facetime/Skype og drikk ein kopp kaffi medan de diskuterer dei mange spennande ideane, tankane og planane. 
  • Bli facebookvennar og ein del av kvarandre sin feed/medvit - lær kvarandre å kjenne.
  • Hald løpande kontakt - også før samarbeidet mellom klassane byrjar.

 

2. Bruk ekstra tid i førebuingsfasen

Eit transnasjonalt vennskapsprosjekt stiller større krav til koordinering, struktur og avklaring av forventningar mellom lærarar. Fysisk avstand, språklege utfordringar og ulike skulerutinar gjer det vanskelegare å detaljkoordinere i kvardagen, kvifor klare og nedskrivne avtalar om tidspunkt for samarbeid, estimert tidsbruk, fokusområde og læringsmålsettingar og så vidare må formulerast og drøftast grundig frå start - grundigare enn ein bruker. Alt dette for å unngå frustrasjon seinare.

 

3. Førebu deg på at det går gale 

Eit vennskapsprosjekt vil sannsynlegvis by på situasjonar der ting går heilt gale, og der du som lærar vil oppleve frustrasjon. Førebu deg på dette og ha ein handlingsplan klar. Har du for eksempel telefonnummer direkte til din nordiske kollega dersom det oppstår ein akutt situasjon - og kan du ringe til utlandet utan at telefonrekninga eksploderer?

 

Avklar også forventningane saman med elevane dine. Førebu dei på at eit transnasjonalt samarbeid truleg vil by på utfordringar, uansett kor godt ein førebur seg - og at det er normalt. På den måten kan du bygge opp elevane sin toleranse når det gjeld ventetid, diverse IT-problem og så vidare, slik at prosjektet kan går meir knirkefritt føre seg.

 

4. Vel gode kommunikasjonsplattformer

Den fysiske avstanden mellom to nordiske kollegaer gjer det vanskelegare med detaljkoordinering, småplanlegging og smalltalk i kvardagen. Eit transnasjonalt samarbeid stiller difor større krav til handtering og testing av kommunikasjonsplattformer.

Tenk over korleis de vil kommunisere saman synkront:

  • mobiltelefon, Facetime, Skype, e-post…?

 

Tenk over kvar de vil dele filer og materiale om prosjektet asynkront/synkront:

  • Google Docs, felles dropboxmappe, Facebookgruppe, padlet, e-post eller kanskje ein kombinasjon av fleire? 

 

5. Tenk over gruppeinndelinga

I eit vennskapsklasseprosjekt er det lagt opp til å la elevane arbeide saman i mindre transnasjonale grupper. Inndelinga av elevane i grupper på tvers av klassane kan endrast, då det ofte oppstår eit behov for å korrigere gruppene i siste augneblink (to elevar er sjuke, éin skal til tannlege og så vidare).

 

Tenk over følgjande:

  • Korleis grupper kan endrast i siste augneblink 
  • Korleis denne endringa blir kommunisert lærarar og klassar imellom
  • Korleis motparten viser at han/ho har registrert endringa

 

Tenk over kva verkty som skaper best moglegheit for å endre gruppesamansetjinga. Er det eit felles Google Docs-dokument, facebookgruppe, padlet - kanskje supplert med ein live-videochatsamtale, som konstant binder det eine klasserommet til det andre og som køyrer frå ein PC ståande på læraren sitt bord?  

 

6. La ei oversikt med e-tivitetar halde kursen

Når elevar samarbeider på tvers av landegrenser i eit virtuelt læringsrom, så aukar behovet for å tydeleggjere når og korleis ein gjer kva - og kvar ein er på veg. Med andre ord behovet for ei tydeleg forståing av kvar ein er i prosessen og kvifor. 

 

Ei god felles oversikt over kva læringsaktivitetar (av Gilly Salmon også omtala som e-tiviteter) som skal finne stad sørgjer for dette. Oversikta skal vere tilgjengeleg for elevane gjennom heile prosjektet - enten digitalt eller i trykt form. Oversikta skal vise kva, når, kvifor, korleis og med kven det komande arbeidet skal gå føre seg.

 

Velførebudde styrande e-tivitetar hjelper med å halde samarbeidsprosjektet på rett kurs slik at du som lærar får frigjort tida di til anna.

 

7. Hald det enkelt 

Eit transnasjonalt samarbeidsprosjekt med nokon ein ikkje kjenner - og i tillegg digitalt og på tvers av nabospråk - er utfordrande nok i seg sjølv. Så når du planlegg læringsaktivitetane kan det vere ein god idé å byrje med å forenkle:

  • planlegg få aktivitetar (og forvent at det tek lengre tid enn normalt)
  • opplegget må vere kortfatta og motiverande
  • vel heller ein kort tekst/film enn ein lang
  • kanskje videoproduksjon, essayskriving og podcast ikkje treng å gå føre seg samtidig!

 

8. La elevane lære kvarandre å kjenne

Å samarbeide med elevar i eit anna land er nesten ein garanti for glade elevar i klassen din. Born og unge er oftast svært motiverte og spente i samband med eit vennskapsklasseprosjekt.

Sørg for at undervisningsopplegget ditt gir rom for at elevane lærer kvarandre litt å kjenne før det faglege innhaldet tek over. Det vil dei gjerne. Gi dei moglegheit til å videochatte med kvarandre. Elevane kastar seg berre ut i det → gøymer seg sjeldan bak ein tekstchat. Vanlegvis høyrer dei raskt på deg om dei ikkje får lov til å besøke kvarandre.

 

Læringspotensiala i eit transnasjonalt samarbeid kan måle seg med elevane si begeistring. Møtet med "dei andre" gir heilt nye perspektiv på eigen praksis, og elevane dine vil i møte med eit anna nabospråk blant anna byrje å reflektere over korleis deira eige språk eigentleg er skrudd saman (jamfør målsetjingar om språkleg medvit).

 

9. Tenk på læreplanmål i vennskapsklasse-samarbeidet

Eit vennskapsklasseprosjekt i eit transnasjonalt læringsrom treng ikkje å vere meirundervisning og meirarbeid. Tenk i staden for på relevante mål frå læreplanen i prosjektet og erfar korleis møtet med eit anna språk, ein annan kultur, andre idéar og så vidare reelt fungerer som ein stor spegel de får heldt opp framføre dykk med det resultatet at de får moglegheit til å sjå dykk sjølve, dykkar språk, dykkar eigne normer og så vidare på ein heilt ny måte.

 

10. Lærarrelasjonen kan vere ei langtidsinvestering

Eit vellykka vannskapsklasse-samarbeid kan vere starten på ei lang rekkje med gode opplevingar i klasserommet. Tenk at din nye internasjonale kollega er ei langtidsinvestering og hald fast i kvarandre. Optimaliser prosjektet dykkar og lær av erfaringane dykkar frå gong til gong. Kanskje samarbeidet med fordel kan utvidast til fleire fag også - for eksempel eit tverrfagleg prosjekt med andre faglærarar?

Bilete

Erasmus+ logo.png