Tekst
Video
Spel og leik
Konkurranse
Lydinnspeling
Oppgåve
Faglitteratur
Lærarrettleiing

Gløymt passord?

 

Om Språk & Kultur

"Undervisningen skal give eleverne adgang til de skandinaviske sprog og det nordiske kulturfællesskab" (Fælles Mål, 2009)

 

Mål i læreplanen 

Undervisninga i dei skandinaviske språka (dansk, norsk og svensk) og det nordiske kulturfellesskapet har ein heilt sentral plass i læreplanane til alle dei nordiske landa. Undervisninga skal sikre at barn og unge i dag blir meir medvitne om, og i stand til å utnytte dei mange moglegheitene og fordelane som det fellesnordiske samarbeidet tilbyr. Men korleis er det best å ta fatt på undervisninga?

Materiale og oppgåver under «Språk & Kultur» er meint for nettopp å styrkje og skape nye rammer for undervisninga i nabospråka dansk, norsk og svensk, samt det nordiske kulturfellesskapet. Her finn du eit rikt og variert tekst- og filmmateriale med tilhøyrande oppgåver, ei nordisk lydordbok, nabospråksdidaktiske spel og både språk- og litteraturhistoriske tidslinjer. Du finn også eit unikt virtuelt klasserom der du kan komme i kontakt med vennskapsklassar og la elevane videochatte og skrive med jamaldrande frå heile Norden.

Dei forskjellige inngangane til språk- og kulturarbeidet er eit uttrykk for ei heilskapssorientert undervisningstenkning som til saman skal vere med og gjere nabospråksundervisninga lærerik, meiningsfull og spennande. Og la det vere sagt med det same: Nabospråksundervisning er noko anna enn tradisjonell morsmålsundervisning.

 

Tema på dansk, norsk og svensk

Størstedelen av verka under Språk & Kultur er samansette i inspirerende tema som skaper innhaldsmessige samanhengar på tvers av språka. Under kvart tema finn ein materiale på både skriven og talt dansk, norsk og svensk, og ein kan også finne den same teksten på to eller fleire språk. Læringsportalen kan på denne måten med fordel inngå i forskjellige undervisningssamanhengar året rundt, og understøttar dessuten ei lang rekkje andre mål i læreplanane enn berre dei som dreier seg om nabospråk og nordisk kulturforståing. 

 

Arbeidsoppgåver til tekstar og film

Det er utvikla arbeidsoppgåver til alle verka som inngår i eit tema. Desse inviterer elevane til å gå på oppdaging i likskapane og forskjellane til språka, samt til å gå i djupna med verket dei har mellom henda. Oppgåvene understøttar konkrete mål i læreplanane. Måla blir oppgitt ved kvart enkelt verk. (OBS: Måla i læreplanane er enno ikkje klare for Språk & Kultur).

Arbeidsoppgåvene er delte inn i fire fasea. Dei fire fasane skaper ein gjenkjenneleg struktur og sikrar at ein i arbeidet med tekstar og film bevegar seg på fleire nivå. 

 

1) Språk- & kulturforståing

Språk- og kulturforståing skal gjere det lett og spennande å komme i gang med avkodinga av eit nabospråkleg verk. Her vil det vere forslag til aktivitetar som både hjelper elevane med å forstå den valde teksten eller filmen, og som i meir generell forstand styrkjer merksemda deira på forskjellar og likskapar mellom nabospråka og dei nordiske kulturane.

 

2) Inn i teksten

Å komme i gang med forståinga av ein tekst krev at ein «opnar» han. Denne fasen i tekstarbeidet har vi kalla «Inn i teksten». Her jobbar elevane – på hermeneutisk vis – med forståinga og den første opplevinga av teksten.

 

3) Ned i teksten

I den neste fasen skal elevane fordjupe seg i teksten – dette kallar vi «Ned i teksten». Her skal dei ned i litteraturen og filmmediet og arbeide med byggjeklossane og verkemidla i teksten, som til dømes personskildring og komposisjon.

 

4) Ut av teksten

Den siste fasen kallar vi «Ut av teksten». Her skal elevane reflektere over kva teksten betyr for dei sjølv og omgivnadane deira. I denne fasen blir tekstane sett i perspektiv med temaet dei inngår i.

 

 

Auka fokus på lytteforståing

Norden i Skolen har eit auka fokus på lytteforståing, noko som for dei fleste er den største utfordringa når dei skal kommunisere med nordbuarar på tvers av dei nordiske landegrensene. Kortfilm, musikkvideoar og innlesingar av dei omkring 20 litterære verka på dansk, norsk og svensk sikrar at elevane har moglegheita til å høyre nabospråka. Det same gjeld for ei implementert lydordbok, som i tillegg til å omsetje til dei andre nabospråka gjer det mogleg å få spesifikke ord i tekstane lesne opp.

Den mest effektive språklæringa er å bruke språket aktivt. På Norden i Skolen kan lærarar derfor finne ein nordisk vennskapsklasse og starte eit samarbeid som kan tilføre undervisninga ein heilt ny dimensjon. I det virtuelle klasserommet har elevane moglegheita til å møtast og både videochatte og skrive med kvarandre. Gjennom autentisk kommunikasjon får elevane viktige språklege erfaringar som den tradisjonelle nabospråksundervisninga ikkje kan tilby. Og det beste er at det både er utroleg lærerikt og samtidig spennande å møte jamaldrande frå resten av Norden.

 

 

Plaff språka sund!

Dersom du treng ein pause, kan det vere ein god idé å spele eit spel. Under Språk & Kultur gøymer det seg ei rekkje språkdidaktiske spel og språkprogram som er utvikla spesielt for Norden i Skolen. Desse skal vere med på å gjere læringsprosessen aktiv, levande og kjekk – du kan til dømes skyte språka sund i spelet «Plaff», eller skape din eigen tekst i «Klippediktning». Du kan også dra på ei rundreise i spelet «Norden Rundt» og samtitig få testa kva du kan, mens du kjempar mot klokka. I «Norden Rundt» kan ein også utfordre og spele mot fleire personar i same spel. Ein kan til dømes spele mot jamaldrande i ein vennskapsklasse som ein god og relasjonsoppbyggjande start på eit webbasert samarbeid.

 

Les meir om Norden i Skolen her.