Tekst
Video
Spel og leik
Konkurranse
Lydinnspeling
Oppgåve
Faglitteratur
Lærarrettleiing

Gløymt passord?

 

Læringsmål

{{learningObjectiv.description}}

Oppgåva er no levert

{{assignment.Index}} {{assignment.Type}}

Kommentar

Oppgåver

{{assignment.Comment}}

Dans på tunn is

Instruktør: P.V. Lehtinen

Produksjonsår: 2017

Takk til: NoJSe

Bilete

DanceOnThinIce_selected.jpg

Oppgåver

  • 1Oppgåver

    Felles:

    • Korleis var det å høyre på finlandssvensk?
    • Desse orda er henta frå filmen. Skriv dei opp på tavla, og gjett kva dei betyr på språket dykkar! Prøv deretter å omsetje dei til finsk ved hjelp av f.eks. Google Translate for å jamføre dei to offisielle språka i Finland:

    - Isglass
    - Jul
    - Simma
    - Ensam
    - Säljare
    - Förlåt
    - Bastu

     

    I grupper eller par:

    • Finn tre–fem adjektiv som beskriv Felix som person – f.eks. fordomsfri. Bruk gjerne konkrete eksempel frå filmen.
    • Korleis reagerer Felix når foreldra hans seier dei skal reise bort i jula?
    • Kvifor gir ikkje Felix opp når han får i oppgåve å selje iskrem om vinteren?
    • Kvifor trur de at Felix seier livet hans syg?
    • Korleis oppfører Felix seg mot Fakira?
    • Kva likskapar og skilnader er det mellom Felix og Fakira?
    • Kvifor trur de Fakira hatar stupet «bomba»?
    • KVa har skjedd med foreldra til Fakira?
    • Korleis trur de Felix ser på livet sitt etter å ha blitt kjent med Fakira?
    • Filmen heiter «Dans på tynn is» – kvifor det, trur de?

     

    Felles:

    • I filmen seier sultanen: «Ingen kan gjere alt, men alle kan gjere noko.» Kva seier sitatet om vennskap på tvers av kulturer, kvifor fellesskap er viktig, og om å vere open for det framande?

     

    Forslag til aktivitet:

    • Leik «Ordvifta» der de øver på å forklare ord og styrkjer den språklege bevisstheita.