Tekst
Video
Spel og leik
Konkurranse
Lydinnspeling
Oppgåve
Lærarrettleiing

Om finsk

Språk: Finsk

Tal brukarar: ca. 5,5 millionar

Eksportord: sauna, sisu, rapakalja, rapakivi

Såleis helsar ein: Hei, Hyvää päivää

 

 

Finsk blir i hovudsak snakka i Finland og er morsmål for om lag 4,9 millionar finnar (om lag 90 %). Finland har to offisielle språk: finsk og svensk (svensk er morsmål for om lag 300.000 finnar – 5,3 %). Utanfor Finland er finsk eit av dei offisielle minoritetsspråka i Sverige. Det er om lag 700.000 menneske i Sverige som har finske røter, og halvparten av dei snakkar finsk. Det finst òg finske minoritetar i Noreg, Russland og Estland.

 

Finsk høyrer til den uralske språkfamilien. Språket er i nær slekt med estisk og samisk og er ikkje i slekt med dei andre nordiske språka.

Finsk skriftspråk har utvikla seg relativt seint. Først etter reformasjonen blei dei første trykte tekstane på finsk gitt ut – mest religiøse tekstar, lover og reglar. Den politiske og idéhistoriske utviklinga på 1800-talet gav nye føresetnader for språkutviklinga. Ifølgje eit språklovbod frå 1863 skulle det finske språket i løpet av 20 år bli eit allment språk jamstilt med svensk.

 

 

Særmerkte kjenneteikn ved finsk grammatikk

Finsk grammatikk skil seg vesentleg frå dei nordiske språka. Finske ord har ikkje kjønn, og heller ikkje ubestemde og bestemde former. Til dømes blir ordet «han» (3. person eintal) brukt om både han og ho.

Finsk er eit såkalla agglutinerande språk, det vil seie eit språk der ord har ulike betydningar når ei mengd endingar blir lagde til stammen. Verba blir bøygde i person og tal samt tider og stemningar. Ordstillinga er svært fri jamført med mange andre språk.

 

 

Skrift og uttale

Alfabetet består av 29 bogstavar:

A B C D E F G H I J K L M N O P Q R S T U V W X Y Z Å Ä Ö

Bogstaverne b, c, f, q, w, x, z, og å forekommer imidlertid ikke i ord, som udspringer af finsk. Lyden x skrives sædvanligvis med bogstaverne ks og anvendes kun i svenske navne eller låneord fra andre sprog.
I skrift og udtale repræsenterer et bogstav typisk en lyd. Lange og korte vokaler forekommer ikke, men en lang a-lyd skrives med "aa". Selv konsonanterne forekommer enkle; f.eks "k" og dobbelt "kk". Vægten af ordet er altid på første stavelse.

Bokstavane b, c, f, q, w, x, z og å førekjem derimot ikkje i ord som er opphavleg finske. Lyden x blir til vanleg skriven med ks og blir berre nytta i svenske namn eller lånord frå andre språk.

I skrift og uttale står typisk éin bokstav til éin lyd. Ein skil ikkje mellom korte og lange vokalar, men skriv ein lang a-lyd som «aa». Såleis òg for konsonantane, til dømes «k» og dobbel «kk».

 

 

Ordforråd

Det finske ordforrådet veks både med nye ord og lånord. Lånord frå andre språk (frå gammalt av baltisk, svensk og russisk, i dag òg frå engelsk) blir til vanleg tilpassa finsk uttale (glas – lasi, post – posti, klockare – lukkari). Grunna ei lang felles historie med Sverige er talet på lånord fro svensk til finsk størst med om lag 4000. Talet på finske lånord i svensk er monnaleg mindre, men nokre døme er poika – en pojke (gut) og kenkä – en känga (støvel).

Mange nye ord er laga med finske ord som stamme. I staden for bibliotek blei ordet kirjasto smidd av ordet kirja (bok)Telefon heiter på finsk puhelin og kjem frå verbet puhua (å snakke). For mobiltelefon blei først ordet matkapuhelin smidd, direkte omsett «reisetelefon». Det blei raskt erstatta med eit anna forslag: kännykkä – etter ordet känny, som er ei form av ordet käsi, som betyr hand.

 

Døme på agglutinerande språk:

 

Juoksentelisinkohan?
= Eg lurer på om eg eventuelt kunne springe litt omkring?

 

Eit velkjent skoleeksempel er ei setning på to ord som kan ha heile 9 ulike betydningar:

 

1. Kuusi palaa = ei gran brenn (t.d. eit juletre i flammar)
2. Kuusi palaa. = Den grana vil vende tilbake. (t.d. gran som byggjemateriale)
3. Kuusi palaa. = Nummer seks brenn. (6 = Kuusi)
4. Kuusi palaa. = Nummer seks vil vende tilbake. (Om du t.d. viser til fotballspelaren nr. 6)
5. Kuusi palaa. = Seks av dei brenn. (T.d. 6 av dei 10 husai område står i brann.)
6. Kuusi palaa. = Seks av dei vil vende tilbake. (6 av 10 menneske som nettopp forlét oss)
7. Kuusi palaa. = Månen din brenn. (Kuu = ein måne, suffikse si = din)
8. Kuusi palaa. = Månen din vil vende tilbake.
9. Kuusi palaa. = Seks stykke. (Eit stykke = pala, + a, endinga for partitivforma)

 

Eit døme på ord utan konsonantar:
Hääyöaie (ein bryllaupsnattsplan)

 

Lange samansette ord er vanlege – noko som kan vere forvirrande om ein tolkar ordet feil:
Aamupalaverihuone
Aamu-Palaveri-huone = morgen-møte-rom
Aamupala-veri-huone = frukost-blod-rom

 

Ei øving i uttale:

Yksikseskös yskiskelet, itsekseskös itkeskelet?
(Er du i ferd med å hoste heilt aleine, græet du heilt aleine?)

Bilete

finland.jpg (1)