Tekst
Video
Spel og leik
Konkurranse
Lydinnspeling
Oppgåve
Lærarrettleiing

Dei skandinaviske språka liknar kvarandre

Alle kan sjå at svensk, norsk og dansk liknar kvarandre. Rundt 90 % av ordforrådet er det same. Grammatisk er språka bygde opp på same måte. Forklaringa er at dei skandinaviske språka stammar frå eit felles urspråk. Språka er rett og slett i slekt.

 undefined

 

Dansk, norsk, svensk, islandsk og færøysk er døme på språk som er nære slektningar. Lenger ute i slektstreet finn ein tysk, fransk og engelsk, medan persisk, russisk og hindi høyrer til dei fjernare slektningane til dei skandinaviske språka. Men dei er slektningar trass alt. Språkfamilien som sameinar alle desse språka, er den indoeuropeiske. Om lag halvdelen av alle menneske snakkar eit indoeuropeisk språk. Språket mandarin blir brukt av milliardar av menneske, og dette språket høyrer til den sino-tibetanske språkfamilien. Ein tredje gigant er dei afroasiatiske språka. Det er ein språkfamilie som veks raskt i Norden. Årsaka er at vanlege innvandrarspråk som arabisk, tigrinja, somali og hausa, er afroasiatiske.


Finsk er ikkje i slekt med nokon av dei skandinaviske språka. Næraste slektning til finsk er estisk og samisk, men ungarsk høyrer også til den finsk-ugriske språkfamilien som er ei grein av dei uralske språka. Alle ser at dansk, norsk og svensk er i slekt med kvarandre, medan det er tydeleg at finsk ikkje er det. Men kva språkdrag viser at dei skandinaviska språka er i slekt med persisk og russisk? Kva er det som avgjer kva for språk som er i slekt med kvarandre? Mange språkforskarar trur at alle indoeuropeiske språk har utvikla seg frå eit felles urspråk. Ifølgje den teorien blei eit slags indoeuropeisk språk snakka for svært lenge sidan, men ingen veit kvar og når det blei snakka, eller korleis det lydde. Framleis kan ein finna fellestrekk i dei språka som er i slekt. Det kan vera likskapar i det grunnleggjande ordforrådet, i grammatikken og i rekkjefølgja på orda. Jamfør til dømes desse orda på engelsk, tysk, fransk, russisk og finsk:

 

undefined

 

Kan du sjå at engelsk, tysk, fransk og russisk er i slekt med kvarandre, medan finsk ikkje  er i slekt med nokon av desse språka?

Forfattar: Fredrik Harstad

Utgjevingsår: 2012

Illustratør/Foto: Norden i Skolen