Tekst
Video
Spel og leik
Konkurranse
Lydinnspeling
Oppgåve
Lærarrettleiing

Dei skandinaviske språka sett utanfrå

Ei gruppe utanlandske studentar er samla i eit klasserom. Dei kjem frå alle verdshjørne: Japan, Brasil, Tyrkia, Tyskland, USA, Sør-Afrika, Tsjekkia og dei har ein felles sak. Dei vil læra seg meir om Skandinavia og dei skandinaviske språka.


Det er fleire og ulike årsaker til at dei vil læra seg eit skandinavisk språk. Fleire av studentane er her fordi dei har ein skandinavisk kjæreste. Andre har kome for å jobba eller studera.


-    Eg studerer freds- og konfliktforsking, seier John frå USA. Skandinavia har eit godt rykte på mitt fagområde.


Roshni frå India er her på grunn av jobben.
-    Eg arbeider som konsulent for eit datafirma. No har eg fått ein treårig kontrakt i Skandinavia og skal reisa mellom Oslo, København og Stockholm. Då er det bra å kunna ein del om språka.


Andre i gruppa opplever Skandinavia som eit eksotisk og spennande område å reisa til.
-    Etter vidaregåande skule ville eg lesa noko annleis, noko som ingen av klassekameratane mine valde, fortel Elisabeth frå Italia. Det blei nordisk. Eg har alltid vore intressert i språk og kultur. Skandinavia er spennande, men likevel nært.

 

undefined

 

 

Er det vanskeleg å læra seg eit skandinavisk språk?

-    Det er verken vanskelegare eller lettare enn andre språk, seier Gizem frå Tyrkia. Men det finst ein del særtrekk som skaper litt problem. Til dømes er rekkefølgja på orda spesiell. Jamført med engelsk har dei skandinaviske språka omvendt rekkefølgje på orda dersom det er noko anna enn subjektet som innleiar setninga. Det heiter "Eg lærer meg språk i fritida", men "I fritida lærer eg meg språk", med verbet framom subjektet.

 

I meir kompliserte setningar blir det endå vanskelegare. Kvar skal ein til dømes plassera adverb som "kanskje", "iblant" og "ikkje"?
-    Kvifor er det rett å seia "Eg kjenner ho ikkje", men feil å seia "Eg synest om ho ikkje"? Og er det nokon skilnad på setningar som "Eg kjenner ho ikkje" og "Eg kjenner ikkje ho"? Det er vanskeleg å få alle orda på rett plass.

 

Skilnaden er stor samanlikna med til dømes japansk og tyrkisk.
-    I japansk plasserer vi verbet sist, seier Ayaka. Gizem er einig.
-    Det er likeins i tyrkisk.

 

John frå USA synest fleirtalsendingane er vanskelege.
-    De har så mange endingar for å uttrykkja fleirtal som til dømes -er, -ar, -a, -r og -n, og i nokre ord skal det ikkje vera noka ending i det heile. Eg forstår ikkje kvifor ein ikkje kan gjera som i engelsk og berre setja ein -s etter alle substantiva.

 

-    I kinesisk er det endå enklare, seier Yi. Der har vi inga fleirtalsending i det heile!
-    Ikkje i japansk heller, seier Ayaka.

 

undefined

 

Dei skandinaviske språka er svært like. Korleis ser ein kva som er svensk, norsk og dansk? 

-    Ein svensk tekst er enklast å kjenna igjen. Heile teksten er full av doble prikkar, takka vera alle ä og ö. I norsk og dansk finst det ingen slike prikkar. Dessuten er det mange fleire a-ar i ein svensk tekst, til dømes i fleirtalsendingane for substantiv som bilar, pojkar og fiskar.

 

Det er vanskelegare å skilja mellom norsk og dansk, men der kan ein sjå på konsonantane.
-    Dansk har oftast mjuke konsonantar - som b, d og g - medan norsk har harde - som p, t og k. Samanlikn til dømes det danske ordet blød med det norske bløt, og det danske sag med det norske sak.

 

At det er verdt strevet, er alle studentane einige om.
-    Det er kult å læra seg dei skandinaviske språka, seier dei. Det finst ingen heime som kan noko om norsk, dansk og svensk. Vi får ein kompetanse som er heilt unik.

Forfattar: Fredrik Harstad

Utgjevingsår: 2012

Illustratør/Foto: Norden i Skolen