Tekst
Video
Spel og leik
Konkurranse
Lydinnspeling
Oppgåve
Lærarrettleiing

Engelsk er eit stort språk - også i Norden

Mange nordiske verksemder har valt engelsk som konsernspråk. Det inneber at all kommunikasjon skjer på engelsk, iblant også nordbuar imellom. Likeins er det på universitet og høgskular. Når økonomar, IT-teknikarar, legar og professorar kjem saman,  blir i mange høve engelsk det naturlege samtalespråket, sjølv om dei har eit anna, og iblant det same morsmålet. Mange stader blir undervisning på høgare nivå gjeven nesten berre på engelsk, og det blir forventa at studentane skal skriva oppgåvene og rapportane sine på engelsk.

undefined

 


I næringslivet bruker ein engelsk av ulike grunnar. For at arbeidet skal bli så effektivt som mogleg, må ein ha eit felles kommunikasjonsspråk. Mange store føretak har avdelingar og produksjon i utlandet. Styre og leiingsgrupper strevar med å få inn kompetanse utanfrå. I mange høve der nordbuar møtest, blir engelsk det naturlege valet fordi finnar og islendingar blir underlegne om samtalen går føre seg på skandinaviske språk. Det er alltid ei ulempe å snakka eit anna språk enn morsmålet med nokon som kan bruka morsmålet sitt. Det å velja engelsk som er andrespråk for alle, blir dermed meir rettferdig. Men kan vi verkeleg uttrykkja det vi vil på engelsk - eller må vi nøya oss med å seia det vi kan? Er det ikkje ein fare for at kreativiteten blir mindre om vi ikkje får uttrykkja oss på vårt eige språk?


Spørsmålet om val av språk i ulike samanhengar blir ofte diskutert. At dei fleste nordbuar er gode i engelsk, er sjølvsagt positivt, men det skaper også problem. Kritikarane hevdar at nordbuar har ei overdriven tru på eigne engelskkunnskapar. Dei meiner mellom anna at nordiske forskarar skriv som barn når dei presenterer rapportane sine. Om engelsk blir det einaste språket som blir brukt i høgare utdanning, kan det vera at dei skandinaviske språka blir vanskelege å bruka i visse samanhengar. Når legar, økonomar og IT-teknikarar møtest, er det ikkje sikkert at dei kan snakka norsk saman, fordi dei har fått heile utdanninga på engelsk. Dei spesifikke fagorda og omgrepa som blir brukte i nett deira fag, finst kanskje ikkje i det heile på noko skandinavisk språk. Dette fenomenet blir kalla domenetap - altså det at eit språk ikkje fungerer i visse samanhengar og på visse fagområde.

 

undefined


Ei anna side av saka er den demokratiske, og kven som får tilgang til informasjon og fag. I dag treng ein reelt sett ganske gode kunnskapar i engelsk for å klara seg i det norske samfunnet. Den eldste delen av befolkninga har ikkje lært noko særleg engelsk, om dei har lest det i det heile, medan andre har avgrensa kunnskapar i språket. Mange menneske blir dermed utestengde fordi engelsk blir brukt i så mange samanhengar.

 

Som det meste i livet har saker og ting ikkje berre ei god eller ei dårleg side. Det er sjølvsagt fordelar med at engelsk blir brukt i mange samanhengar. Jo meir engelsk vi kan, desto betre klarar vi oss ute i verda. Dei nordiske språka blir brukte av så få at vi må læra oss andre språk. Fleire og fleire firma prøver å utvida verksemda si til Europa og resten av verda. Folk reiser og flyttar på seg. Om forskarane våre publiserer verka sine på engelsk, inneber det at fleire menneske får vita om kva våre forskarar har funne ut. Vi får høve til å  delta på den internasjonale arenaen. Kanskje er domenetap, demokratiske problem og det faktum at han eller ho som ikkje snakkar morsmålet sitt, har vanskeleg for å få fram nyansar, prisen vi må betala?

Forfattar: Fredrik Harstad

Utgjevingsår: 2012

Illustratør/Foto: Norden i Skolen