Tekst
Video
Spel og leik
Konkurranse
Lydinnspeling
Oppgåve
Lærarrettleiing

Språka i Norden - store eller små?

Kanskje oppfattar du svensk, norsk, dansk og dei andre nordiske språka som små språk. Og sjølvsagt, samanlikna med kinesisk, engelsk, spansk, hindi og fleire av dei andre språka som har millionar av brukarar, har ikkje dei nordiske språka mykje å fara med. På ei liste over språka i verda rangert etter tal på brukarar hamnar svensk, norsk, dansk og finsk rundt nummer 100. Islandsk, færøysk, grønlandsk og samisk kjem endå lenger ned på lista.

 

undefined

 


I internasjonal samanheng har vi sjeldan noka nytte av å kunna eit nordisk språk. Når vi reiser utanlands eller møter menneske utanfor Norden, må vi ty til eit av dei store verdsspråka, ofte engelsk. Slike språk plar ein kalla lingua franca, noko som tyder at det er eit språk mange bruker når dei vil prata med personar med andre morsmål enn dei sjølve har. Engelsk er det vanlegaste lingua franca i vår del av verda.

 

undefined


Men ein kan snu resonnementet. Når alt kjem til alt, er ikkje ein plass rundt nummer hundre på lista så dårleg. Det finst om lag 6000 språk i verda, og det tyder at dei aller fleste språka er langt mindre enn dei største språka i Norden. Samanlikna med til dømes livisk, mandsju og pitesamisk, som er tre av eit hundretals språk som hadde under 100 talarar ved årsskiftet 2012-2013, er dei største nordiske språka utruleg store og stabile. FN-organet Unesco meiner at om lag halvdelen av språka i verda står i fare for å dø ut om ein generasjon eller to. Den trusselen gjeld ikkje svensk, norsk, dansk, finsk eller islandsk. Det blir snakka og skrive mykje på desse språka kvar dag. Dei blir brukte på universitet, på skular og i næringslivet. Dei blir nytta til brev, fagbøker, skjønnlitteratur og ei mengd andre tekstar. Det finst grammatikkar og ordbøker som beskriv språka. Ein ny generasjon nordbuar kjem til å få eit nordisk språk som morsmål, og dei kjem truleg til å føra språkkunnskapane vidare til barna sine. Men slik er det ikkje for livisk, mandsju og pitesamisk.

 

Likevel meiner mange at dei skandinaviske språka er trua? Finst det ein slik trussel?

Forfattar: Fredrik Harstad

Utgjevingsår: 2012

Illustratør/Foto: Norden i Skolen