Tekst
Video
Spel og leik
Konkurranse
Lydinnspeling
Oppgåve
Lærarrettleiing

Språket må endra seg - elles døyr det

Om du ser på ein gammal svart-kvitt-film eller les ein 1800-talsroman, legg du nok merke til at språket frå den tida ikkje er likt språket vi bruker i dag. Sjølvsagt er mykje likt, men det er også store skilnader. Ein del ord kjenner du kanskje ikkje igjen i det heile.

undefined 

 

Mange meiner det ikkje er bra at språk endrar seg. Særleg eldre menneske plar klaga over at språket forfell, og dei meiner at det var betre før, men det er vanskeleg å konservera eit språk. Det er det motsette av konservering som skjer, og som må skje, om eit språk framleis skal vera levedyktig: språket må endra seg for å følgja med i samfunnsutviklinga.


Så kva er vi redde for? Iblant kan ungdomars måte å bruka språket på skapa uro for at språket blir øydelagt, og iblant skuldar ein på innvandrarane. I staden kan ein sjå det som at både ungdomar og innvandrarar tilfører norsk nye, kreative løysingar. At ungdom testar og tøyer grensene i språket, er heller ein garanti for at norsk framleis er eit vitalt og levande språk. Trass i relativt stor innvandring frå Pakistan, Iran, Tyrkia, Balkan og fleire arabisktalande land har innvandrarspråka i overraskande lita grad påverka dei skandinaviske språka. Vi har fått ord som kebab, pizza, salsa, sushi, kung fu og moské, men sæleg meir enn einskilde ord om mat og etniske hendingar, er det ikkje.


Det som derimot uroar fleire språkforskarar, er den sterke posisjonen engelsk har i dei nordiske samfunna. Er det grunn til uro?

undefined

Forfattar: Fredrik Harstad

Utgjevingsår: 2012

Illustratør/Foto: Norden i Skolen