Tekst
Video
Spel og leik
Konkurranse
Lydinnspeling
Oppgåve
Faglitteratur
Lærarrettleiing

Gløymt passord?

 

Læringsmål

{{learningObjectiv.description}}

Oppgåva er no levert

{{assignment.Index}} {{assignment.Type}}

Kommentar

Oppgåver

{{assignment.Comment}}

Et plagieringseventyr

Instruktør: Stian Hafstad & Jade Hærem Aksnes

Produksjonsår: 2010

Produsent: Stian Hafstad & Jade Hærem Aksnes

Oppgåver

  • 1Språk- og kulturforståing

    Felles:

    • Sjå kortfilmen saman i klassen.
    • Lag eit tankekart med ord de kan frå før på tavla.
    • Overveg og diskuter orda de ikkje kan. Skriv orda ned på tavla.
    • Vurder og diskuter korleis de forstår språket i filmen.
    • Lag ein stor felles plakat (skal brukast seinare).

     

    To og to/ felles:


    Filmen er ein informasjonsfilm frå Bergen Universitetsbibliotek.

    • Finn informasjon om Bergen på nettet.
    • Vel tre bilder som de synest presenterer Bergen på ein god måte.
    • Print ut bilda i fargar og lag ein infotekst til ein felles infoplakat i klassen.

     

    Felles:

    • Snakk om plakaten i klassen.
  • 2Inn i teksten

    To og to:

    • Kva trur de omgrepet "plagiat" betyr?
    • Finn ein definisjon av ordet "plagiat" på nettet. Skriv han ned.
    • Diskuter kva de synest er akseptabelt å kopiere og låne frå nettet.
    • Finn ut av korleis reglane for lån av andre sine bilder, tekstar, film og musikk er i dykkar land.
  • 3Ned i teksten

    Gruppe/ Plenum:

    • Kven er målgruppa til filmen?
    • Kva er hensikta/formålet med filmen?
    • Lærte de meir om reglane for plagiat da de såg filmen?
    • Kva er forkjellen på "å la seg inspirere av andre" og å plagiere?
    • Kva gir filmen underhaldningsverdi?
    • Kva for verkemiddel la de merke til?
    • Kva for filmreferansar brukar filmen?
    • Trur de filmen har nokon effekt på unge?

     

  • 4Ut av teksten

    Plenum:

    • Korleis ville de reagert på at andre brukte oppgåvene, musikken eller bilda dykkar i eige namn?
    • Konkluder kva for reglar som gjeld for bruk av sitat, bilde, musikk og film.