Tekst
Video
Spel og leik
Konkurranse
Lydinnspeling
Oppgåve
Faglitteratur
Lærarrettleiing

Gløymt passord?

 

Læringsmål

{{learningObjectiv.description}}

Oppgåva er no levert

{{assignment.Index}} {{assignment.Type}}

Kommentar

Oppgåver

{{assignment.Comment}}

Guten og sanninga

870180.bilde.1327546532.n.jpg
Lydavspeling

Ein gut var forelska i sanninga.
- Er det sant? Er det verkeleg sant? spurde han fleire gonger om dagen. Han måtte alltid vere sikker at han var der sanninga var, han kunne ikkje vere utan henne.
Men dei som gjekk i klassen hans, sa: - Kva skal du med henne?
Og så måtte guten forklare at han likte henne så godt, betre enn alle andre.
Ingen - verken i klassen eller i gata der han budde - likte guten betre enn sanninga. Derfor heldt han seg alltid med henne og gjorde berre det som han var heilt sikker var rett. Han var aldri med epleslang. Han stal seg aldri inn fotballkampar. Han lurte seg aldri til å kikke jentene i dusjen. Og aldri, aldri var han med å gøyme lesebrillene til læraren.
- Greitt nok, sa dei andre.
Men mora blei bekymra for han, ho spurde:  - Kven skal du kino med?
    For sanninga likte ikkje film. Og ikkje musikk, så guten kom aldri konsert heller. Songar om kjærleik var verst, meinte sanninga. Ingen ting var verre enn lovnader om evig truskap. Ho trudde ikkje slikt. Stå og synge ut i lause lufta! Ikkje bøker eingong - trykte med store, svarte bokstavar - hadde ho tru .
Det enda med at det som sanninga ikkje likte, det likte ikkje guten heller. Slik er det ofte med kjærastpar, dei begynner å like og mislike det same. Og det viset blei det med guten og sanninga òg. Dei fortsette å halde i lag, og å mislike filmar om kamelar som græt, songar om somrar med berre sol, og forteljingar om storebrør som alltid spanderer. Sanninga kjende seg utrygg slikt, ho likte det ikkje. Ho likte mest ingen ting.
Og ingen likte guten.
Han blei tynn, for han kunne ikkje ete anna enn gulrøter.
Han blei trist, for han og mora kom så langt ifrå kvarandre.
Og han blei heilt utan venner avdi han alltid måtte seie det som sant var: "Den kjolen er altfor trong!" Eller han sa: "Kor stygt du er klipt, den frisøren må du aldri meir til!"
Kvite løgner heldt guten for svarte. Å be om tilgiving hos han var nyttelaust. Tilgiving gav han aldri. Han ville ha sanninga frå første stund, elles kunne det berre vere.
Han blei trist.
trist at han dødde.
Men ingen kom i gravferda. Berre sanninga, og ho styrte med alt. Så ingen ting kunne seiast, det kunne knapt nok spelast. Syngje måtte dei i alle fall ikkje!
På gutens gravstein stod det inga helsing. Berre to datoar: ein for fødsel og ein for død. Fødd var jo guten, det nekta ikkje sanninga for. Og død var han òg, det såg alle.
Men namn var der ikkje gravsteinen, det passa sanninga . For det som skulle ha vore mellom dei to årstala - eit levd liv - hadde guten hatt det? Hadde han dét, om sanninga skal seiast?

Logg inn for å lesa meir

Forfattar: Erna Osland

Utgjevingsår: 2005

Utgjevar: Det Norske Samlaget

Innspelt av: Erna Osland

Visste du att...

Erna Osland er en meget alsidig forfatter? Hun har bla. skrevet alt fra fagbøger om fiskeopdræt til tegneserie om Ivar Aasen.

Oppgåver

  • 1Språk- og kulturforståing

    To og to:

    • Les teksten. Stopp tre gangar undervegs for å oppsummere kva de har lese.
    • Lag eit skjema kor de delar inn ord i disse tre kategoriane:

    - Ord de kan frå før.
    - Ord som de ikkje er heilt sikre på kva betyr.
    - Ord som de ikkje kan,

    • Slå opp orda de ikkje kan (minst ti).

     

  • 2Inn i teksten

    To og to:

    • Kva treng ein utover mat, drikke, luft og sømn for å ha eit godt liv? Bli einige om ei liste med ti punkt som inneheld det de meiner gjer livet verdt å leve. 

    Plenum:

    • Del det de har kome fram til med dei andre i klassen.
    • Lag ei liste med fem punkt for "Det gode liv".

     

  • 3Ned i teksten

    Aleine:

    • Finn dømer i teksten og lag ei oversikt over alt som gutten må unngå for å halde seg til sanninga.
    • Gutten kunne ikkje gå på kino, lese romanar eller høyre på musikk. Kva av det som gutten blei nødt til å unngå i livet ville du ha sakna mest? Skriv ein kort tekst kor du grunngir valet ditt.
    • Gå tilbake til lista med dei ti punkta med ingrediensar for eit godt liv. Er det noko du vil tilføye etter å ha lese teksten?
    • I teksten framstår sanninga som ein person. Kva kallast dette språlege verkemiddelet?

     

  • 4Ut av teksten

    To og to:

    • Korleis trur de at sanninga ser ut?
    • Skriv ei personskildring av sanninga slik som ho framstår i historia.

    "Han aad og drak, var aldrig glad
    Hans Støvlehæle gik han skæve.
    Han ingen Ting bestille gad.
    Til sidst han gad ej heller leve."

    • Sånn høyrast den norske forfatteren Johan Herman Wessels gravskrift om seg sjølv ut. Lag ei passande gravskrift til gutten i teksten. Gravskrifta skal følge same mønster som Wessel sitt.
    • Teikn ei teikning av gravstøtta der de skriv inn gravskrifta.