Tekst
Video
Spel og leik
Konkurranse
Lydinnspeling
Oppgåve
Faglitteratur
Lærarrettleiing

Gløymt passord?

 

Læringsmål

{{learningObjectiv.description}}

Oppgåva er no levert

{{assignment.Index}} {{assignment.Type}}

Kommentar

Oppgåver

{{assignment.Comment}}

Mini

Forfattar: Milad Alami & Gamst-Miller Harris

Instruktør: Milad Alami

Forfattar: Christian Gamst-Miller Harris

Skodespelarar: Joel Lützow og Madelene Lundberg

Produsent: Stinna Lassen

Produksjonsår: 2014

Bilete

Skærmbillede 2016-03-22 kl. 13.30.11 1.png

Oppgåver

  • 1Språk- og kulturforståing

    Gruppe:

    Skriv ut dialogane/teksten på alle språk.

    • Vel 20 linjer og jamfør dei med dykkar eige språk.
    • Kva ord er veldig ulike dykkar eige språk? (Marker med raudt.)
    • Kva ord liknar orda på dykkar eige språk? (Marker med gult.)
    • Kva ord blir skrivne likt som på dykkar eige språk? (Marker med grøn.)
    • Gjer dykk nokre tankar om likskapar og skilnader.
    • Kva tankar gjorde de dykk? (Kva er vanskeleg, lett, nytt osv.?)
    • Les dialogane (heile teksten) på dykkar eige morsmål.
    • Korleis var det å forstå svensken?
  • 2Inn i filmen

    Gruppe:

    • Filmen handlar om ein kvinneleg bodybuilder.
    • Lag eit tankekart rundt ordet «bodybuilding».
    • Del orda i grupper av positive, nøytrale og negative ord.
    • Kva ord er det flest av?
    • Finn 5 positive og 5 negative ord.
    • Korleis passar dei til temaet i filmen?
    • Reflekter over kvifor filmen heiter Mini.
  • 3Ned i filmen

    Gruppe:

    • Kva er temaet i filmen?
    • Vel ein av personane i filmen som de vil lage ei grundig personskildring av.
    • Beskriv Simon og mora med 10 ord kvar.
    • Korleis utviklar Simons fascinasjon av mora seg gjennom filmen?
    • Teikn eit diagram som viser utviklinga.
    • Korleis ville de ha reagert om de var Simon då han oppdaga at alt er løgn og bedrag?
    • Beskriv det nordsvenske miljøet handlinga er lagd til.
    • Korleis kan ein sjå at dei er i Nord-Sverige?
  • 4Ut av filmen

    Felles:

    • Snakk om gruppeoppgåvene i plenum i klassen.
    • Kva tykte de om filmen – var det ein god film?
    • Kjenner de til andre sportsgreiner der dopingbruk er vanleg?
    • Diskuter om det er verdt prisen å nytte prestasjonsfremjande middel i sport.
    • Er det område i livet der det er ok å nytte ei eller anna form for prestasjonsfremjande middel? (energidrikk, kaffi, betablokkarar o.l.?)
    • Kvar går grensa?