Tekst
Video
Spel og leik
Konkurranse
Lydinnspeling
Oppgåve
Faglitteratur
Lærarrettleiing

Gløymt passord?

 

Læringsmål

{{learningObjectiv.description}}

Oppgåva er no levert

{{assignment.Index}} {{assignment.Type}}

Kommentar

Oppgåver

{{assignment.Comment}}

Sportegn

Instruktør: Ingvild Søderlind

Produksjonsår: 2019

Takk til: NoJSe

Bilete

Traces_udvalgt.jpg

Oppgåver

  • 1Språk- og kulturforståing
    • I filmen Sportegn blir desse norske orda og setningane brukte:
      • Springe, gutar, redd, kom ikkje hit, mykje, rett her oppe, skikkeleg store.Gå saman i små grupper på to–tre personar, og lag ein munnleg minisketsj på 30–60 sekund med minst tre av orda eller setningane. La sketsjen ta utgangspunkt i ein familiesituasjon.
    • Framfør sketsjen for klassen.
  • 2Inn i filmen
    • Filmen heiter Sportegn – kva betyr det?
    • Forsøk å skildre filmen for nokon som ikkje har sett han, med berre tre setningar.
  • 3Ned i filmen
    • Skildre relasjonen mellom dei to søskena.
    • Kvifor er Selma misunneleg på bror sin? Kom gjerne med konkrete døme.
    • Korleis handterer Selma kjensla av misunning? Korleis reagerer ho?
    • Kvifor trur du Selma lurer veslebror sin til å tru at ville dyr er ute etter han?
    • Kva føler Selma når ho finn ut at veslebror hennar er vekke?
    • Kunne Selma ha stansa veslebroren frå å gå ut? Om ja: Kvifor gjorde ho ikkje det?
    • Kva vil det seie å bli vaksen, og kvifor kan det vere vanskeleg?
    • Byrjar Selma å bli vaksen?
  • 4Ut av filmen
    • Kvifor testar ein nokre gonger sine eigne grenser?
    • Har du sjølv vore i situasjoner der du har testa grensene dine, og kvifor?
    • Kvar føler du at du sjølv er i livsutviklinga – er du barn eller vaksen?