Tekst
Video
Spel og leik
Konkurranse
Lydinnspeling
Oppgåve
Lærarrettleiing

Læringsmål

{{learningObjectiv.description}}

Oppgåva er no levert

{{assignment.Index}} {{assignment.Type}}

Kommentar

Oppgåver

{{assignment.Comment}}

SKAM 1: Dine meninger betydde liksom mer enn mine egne

Logg inn for å lesa meir

Instruktør: Julie Andem

Produsent: NRK

Produksjonsår: 2015-17

Takk til: Henrik Ibsens skrifter

Pedagogiske konsulentar: Trine Ferdinand og Dorte Haraldsted

Oppgåver

  • 1Mål

    Her kan de lære å

    • lese og omsetje ein norsk dialog frå SKAM
    • undersøkje det norske fenomenet russebuss
    • samanlikne Eva med Nora frå Et dukkehjem (1879)
    • forklare korleis og kvifor Eva utviklar seg til eit sjølvstendig individ
  • 2Før

    I det første klippet snakkar Eva og Isak om omgrepet russebuss. Det er eit særnorsk fenomen, der tredjeklassingar på vidaregåande feirar den kommande uteksamineringa si ved å feste mange dagar i ein buss.

    • Finn ut meir om russebussar på nettet. Finst det nokre slike tradisjonar der de bur? Kva er likskapane og forskjellane? Og kva er fordelane og ulempene?
  • 3Under

    Oppgåver til 1. klipp

    De skal finne ut av kva problem eva går gjennom. I det første klippet nyttar regissøren Julie Andem showing. Det er når regissøren ikkje fortel korleis personen er, men viser det indirekte gjennom det personen gjer og seier. De skal òg utleie kva Eva føler, og kva problemer ho har, ut frå det de ser og høyrer.

    • Korleis er Evas forhold til jentegjengen? Korleis kjem det til uttrykk? Kva fortel det om Eva?
    • Korleis er Evas forhold til Jonas? Korleis kjem det til uttrykk? Kva fortel det om eva?
    • Kva fortel det om Eva at ho lyg om personen sin?
    • Kva fortel det om Eva at ho ikkje er med på nokon russebuss?

     

    Oppgåver til 2. klipp

    I motsetning til i første klipp set Eva no ord på kjenslene sine. I første klipp nyttar regissøren seg som nemnt av showing, der vi berre kan sjå korleis Eva har det. I dette klippet nyttar ho seg av telling, der Eva fortel korleis ho har det.

    • Les dialogen (sjå dialogen under videospelaren til venstre).
    • Eva elskar framleis Jonas, men ho slår likevel opp med han. Kvifor er ho nøydd til å forlate han?
    • Forstår de Eva?
  • 4Etter

    Veit de om personar i andre filmar eller bøker, der hovudpersonen tek eit liknande val?

    Nora i skodespelet Et dukkehjem (1879) av Henrik Ibsen tek ei liknande avgjerd. Den usjølvstendige dokkekona Nora innser òg at ho må forlate mannen sin Helmer for å bli eit sjølvstendig menneske.

    • Les og/eller sjå siste delen av skodespelet Et dukkehjem (s. 85–93) og finn likskapar og forskjellar i Eva og Noras grunngivingar for å gå.
    • Et dukkehjem på originalsproget dansk: Et dukkehjem (pdf)


    Henrik tok med Et dukkehjem kvinnerolla opp til debatt i den litteraturhistoriske perioden det moderne gjennombrotet (1870–1890). Den gongen hadde kvinner mykje svakare rettar. Dei hadde på det tidspunktet mange stader verken stemmerett, eigedomsrett, moglegheiter til utdanning eller myndigheit over barna sine. Et dukkehjem tok opp kvinnas rolle og status i ekteskapet til debatt og var ein heilt avgjerande tekst når det gjaldt å begynne å sjå kvinner og menn som likeverdige individ. Et dukkehjem er stadig kjent i heile verda som ein ikonisk nordisk tekst om kvinnefrigjering.

    • Er Evas indre kamp for å bli eit sjølvstendig individ med eigne haldningar og trua på eigen verdi relevant for unge i dag? Kjenner de det frå livet dykkar? Er det like relevant for gutar som for jenter? Er det like relevant for unge i andre verdsdelar?
    • Er Noras kamp i Et dukkehjem for ikkje å bli behandla som ei pen dokke av mannen og far sin framleis relevant for unge i dag?


    I dei to klippa får vi ikkje vite noko om kvifor Eva har utvikla seg og til slutt kna setje ord på det ho føler. De skal no komme med forslag til kva som kan vere årsaka til at ho har utvikla seg.

    • Ha ei felles idémyldring om kvifor Eva har utvikla seg til eit sjølvstendig individ.
    • Dramatiser ein enkelt scene som de meiner har vore avgjerande for at Eva har utvikla seg og fått styrkt sjølvtillit. Nokre av dykk har kanskje sett heile sesongen og kan hugse ein scene derfrå, andre finn sjølv på ein scene. Vis dei for kvarandre i klassen, og grunngi vala dykkar.