{{learningObjectiv.description}}
{{assignment.Comment}}
De kan lære å
Før de les utdraget frå siste del av Et dukkehjem (pdf), skal de lese litt bakgrunnsinformasjon om teksten og eit kort samandrag av handlinga.
Om Et dukkehjem
Et dukkehjem er eit drama skrive av den norske dramatikaren Henrik Ibsen, som skreiv stykket på dansk i 1879. Same året blei det spelt for første gong på Det Kongelige Teater i København. I løpet av to månader blei skodespelet òg spelt på alle hovudscenane i dei skandinaviske landa. Et dukkehjem blir framleis spelt og er kjent i heile verda som ein ikonisk nordisk tekst om kvinnefrigjering og kjønnsroller i ekteskapet.
Henrik Ibsen tok med Et dukkehjem kvinnerolla opp til debatt i den litteraturhistoriske perioden det moderne gjennombrotet, frå 1870 til 1890. Den gongen var det nokre fastlåste kjønnsroller for både kvinner og menn. Jenter blei oppdratt til eit liv som koner og mødrer, der eigenskapar som kyskleik, underdanigheit og audmjukskap blei verdsette. Dei skulle vere pene, stille og usjølvstendige «dokker» som mannen skulle forsørgje.
Kvinner hadde på den tida ikkje stemmerett, svært svake moglegheiter til utdanning, og inga myndigheit over eigne barn om dei ville skiljast. Et dukkehjem tok opp kvinnas rolle og status i ekteskapet til debatt og var ein heilt avgjerande tekst i utviklinga fram mot å sjå på kvinner og menn som likestilte individ. Ein hissig debatt om kjønn og moral, kalla «sedskapsdebatten», rasa på 1880-talet i alle dei skandinaviske landa. Henrik Ibsens Et dukkehjem kan sjåast som eit innlegg i denne debatten. Debatten om forholdet mellom kjønna har bølgja att og fram sidan. I 1960–70 kjempa raudstrømperørsla bl.a. mot at kvinner stadig blei sett på som (seksuelle) objekt. Denne debatten blir òg aktualisert i SKAM.
Samandrag av Et dukkehjem
Nora er hovudpersonen i dramaet Et dukkehjem. Tilsynelatande lever Nora i eit lykkeleg ekteskap med mannen Helmer og dei tre barna deira. Av kjærleik til mannen sin har Nora forfalska eit gjeldsbevis, fordi dei på eit tidspunkt mangla pengar då han var sjuk. Ein mann (Krogstad), som har fått sparken frå banken Helmer jobbar i, truar Nora med å avsløre det. Når Helmer høyrer at Nora har forfalska eit gjeldsbevis i hans namn, blir han rasande og vil umyndiggjere ho, men han roar seg ned og seier til Nora at han vil tilgi ho. Men Nora har sett det sanne ansiktet til mannen sin, og kan ikkje tilgi reaksjonen hans. Ho gjorde det jo av kjærleik til han. Det forstår ikkje Helmer. Han er berre oppteken av at han sjølv ville tapt status om det skulle bli oppdaga. Nora ser dessutan det plutselig klart korleis han fram til då har oppfatta ho som kvinne og hustru, og det vil ho ikkje leve vidare med.
Referansar i SKAM
Referansane er direkte i kjærleiksforholdet mellom Noora og William, f.eks. den tydelege namnereferansen til Nora/Noora, eller når dei til slutt i sesong 2 faktisk les i Et dukkehjem saman. I dette materialet kjem de primært til å arbeide med referansane i samband med Noora og William.
I kjærasteforholdet mellom Eva og Jonas er referansen til Et dukkehjem meir indirekte i tematikken. I første sesong av SKAM må Eva forlate Jonas for å bli eit sjølvstendig individ med eigne meiningar, slik Nora forlèt Helmer i Et dukkehjem. Det kan de arbeide meir med i materialet «Dine meninger betydde liksom mer enn mine egne».
Oppgåver til Et dukkehjem
De skal no lese siste del av Et dukkehjem frå s. 85–93. De kan ev. òg sjå det framført som TV-drama. De kan finne det på YouTube f.eks. ved å søkje på «5 x Et dukkehjem». Videoen inneheld klipp av TV-dramaet på alle dei nordiske språka. Når de har lese utdraget, skal de svare på spørsmåla under i mindre grupper og drøfte det i klassen etterpå. De skal finne sitat i teksten som underbyggjer svara dykkar.
Finn eit kort avsnitt i Et dukkehjem som de synest er spesielt interessant. Omset det til nynorsk og legg det fram som lesestykke for resten av klassen. Grunngi kvifor det har valt akkurat det avsnittet.
Oppgåver til 1. klipp
Vilde har lege med William, som ho er forelska i, og har etterpå fått ein genser av han med teksten «The Penetrators» og namnet på alle i gruppa, med Williams namn særleg framheva. Noora gjer Vilde merksam på at ho vil bli oppfatta som trofeet til William om ho går med den. I klippet konfronterer Vilde derfor William og gir han genseren tilbake.
Samanlikning
Oppgåver til 2. klipp
Eva og Noora sit saman i skolegården når William kjem bort og set seg ved sida av Noora. Noora kallar han for «Wilhelm», som er ein referanse til namnet «Helmer» i Et dukkehjem.
Samanlikning
Oppgåver til 3. klipp
Til slutt er Noora og William blitt kjærastar, og dei har det fint med kvarandre, men William risikerer å hamne i fengsel for å ha slått ned ein fyr med ei flaske. Noora prøver å overtale han til å lyge i retten.
I det første klippet hadde Noora knallraud leppestift på. I dette klippet har ho lyseraud.
Samanlikning
Nora i Et dukkehjem forfalska signaturen til mannen sin på eit lån i banken, slik at dei fekk pengar då han var sjuk. Ho gjorde det av kjærleik til han.
Vel éi av oppgåvene under